Arbeidet med Firdahallen er i rute.

Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Sep 2011

Arbeidet med det nye golvet i Firdahallen ser ut til å vere i rute.  Arbeidarane har lagt treplater over den gamle parketten.  Over desse treplatene er dei no i ferd med å sluttføre legginga av 1 cm gummidekke.

Då gjennstår toppdekket som vert lagt på i flytande form i ein prosess.  Så skal det merkast etter alle kunstens reglar før det kjem eit forseglingslag heilt på toppen.  Ifølge vaktmeister Mardal er arbeidet i rute og ventast sluttført til haustferien.  Tipper det er mange spente handballspelarar rundt om!!!!!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.