Dagens dobbel av jentelaget!

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Sep 2011

I dagens andre kamp vart Jotun 2 feia av parketten i Årdalshallen med siffera 37-15. Ved pause var stillinga 18-10 til GHK

Om den første kampen hadde eit snev av spenning dei siste minutta, så var denne kampen god medisin for dei med svakt hjerte.  Jentene tok komandoen frå start, og såg seg aldri attende.Også her var det ein kollektiv innsats som gav grunnlaget for sigeren.  Kjekt å sjå at også i denne kampen var 96 modellane fullt på høgde med sine eldre lagveninner.

Ingvill Slagstad (nr 17) med 11 mål. Martha Sofie Eide til venstre og Marte Sunde Hjelle til høgre

Ingvill Slagstad banka heile 11 ballar bak Jotunmålvakta, medan Ragnhild Ryssdal sette inn 5 mål.  Også Elisabet Hansen og Amalie Mundal teikna seg på skåringslista.  Toppskårar vart likevel dagens store profil, Elise Heien Hansen. 12 mål i denne kampen.  Totalt 26 mål på to kampar.  God kamp i mål av Sarah Nordbø, som i andre omgang stengde buret nesten heilt.

                                              Sarah Nordbø stod ein strålande kamp i mål

Alt i alt ei perfekt sesongopning av jentelaget med full pott.  Då er det lett å sette seg i bilen for å køyre heimatt!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.