Siger mot Jotun for jentelaget!!

Postet av Gloppen Handballklubb den 18. Sep 2011

GHK sitt jentelag fekk ein pangstart på årets sesong då Jotun vart slegen 26-23 på parketten i Årdalshallen i dag føremiddag, etter å ha leia 16-9 til pause.

Elise Heien Hansen (her til høgre) med målrekord! Til venstre ein anna sentral spelar: Irene Slagstad

Dette var ein solid lagsiger der alle jentene bidrog.  GHK mangla to sentrale spelarar til denne kampen då hverken Sigrid Heien Hansen eller Amanda Veiteberg kunne vere med til Årdal.  Men her vart full trøkk frå første avkast frå dei som var med, og vi var oppe i 9 målsleiing tidleg i kampen og hadde full kontroll utover i begge omganger.  Nesten alle jentene teikna seg på skåringslista, men vesle, store Elise heien Hansen var nok banas gigant då ho noterte seg for heile 14 mål.  Ho var i det umogeleg hjørnet, og Jotun sine meir og meir frustrerte jenter fekk aldri tak på ho.  

Glade jenter etter kampen mot Jotun




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline