Tøft for Gloppen i Bring kvalifisering.

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2011

Etter to tap i helga må Gloppen gjennom taperrunda for å prøve å kvalifisere seg for Bringserien.



Laurdag  10.9.2011 var G-16 i Oppsal Arena og skulle prøve å kvalifisere seg til Bringseien, men det vart to tap. 

Først møttest Oppsal og Kongsvinger. Vi visste frå før at Oppsal var eit godt lag, men visste lite om Kongsvinger. Kampen viste at Kongsvinger var eit betre lag en vi hadde forventa. Dei pressa faktisk Oppsal gjennom heile kampen og det var først i sluttminutta at Oppsal klarte å stikk i frå og vann med 6 mål.

Kongsvinger
Neste kamp var Gloppen mot Kongsvinger. I det aller først forsvaret kom Erlend hinkande ut med "kne mot kne" skade. I neste forsvaret kom Vegard hinkande ut med overtrakk av ankelen. Det såg ikkje lyst ut.  Vi kom fort 2-3 mål etter, men etterkvart klarte vi å bite oss fast. Både Erlend og Vegard kom seg føre og kom etterkvart tilbake på bana. Til pause var stillinga 15-14 til Kongsvinger og det full spenning i kampen.

Laga følgde kvarandre gjennom heile omgangen, men vi hadde problem med å kome skikkeleg ajour. Stillinga var 21-21, men etter at Vegard hadde skote Ørjan i ansiktet i ein ankomst, vart det tungt i slutten av kampen. Vi tapte til slutt 29-25 i ein kamp vi følte vi kunne ha vunne. Gutane greidde ikkje kome opp på maxnivå i denne kampen og då nådde vi ikkje heilt fram.
Mestscorande i kampen var Runar Helland Åmodt 6, Vegard Sælen 5, Vebjørn Espe 4.

Oppsal
Oppsal spelte 3-2-1 i forsvar og var svært offensive og aggresive i forsvarspelet sitt. Dette hadde dei tydelegvis trena mykje på og var svært effektive. Vi fann ikkje ut av dette og hadde store vanskar med å kome til avslutning. I angrep køyrde dei kombinasjonar og hurtig angrepsspl og vart ein nummer for store for oss. Det synte seg og at splarstallen vår er for tynn, og fleire sleit med "småskader". Vegard og Ørjan var begge ute store deler av kampen og det merkast. 
Etterkvart gjekk vi over til å spele 4-2 i angrep og klarte på den måten og flate ned forsvaret deira betre og fekk litt betre uttelling.

Men Oppsal var eit veldig godt lag som vi ikkje klarte å matche i denn kampen. Dei satsa på og vinne Bringserien, trenar kvar dag og var betre enn oss i alt.

Målscorar for Gloppen: Ørjan Sundal 3, Birk Isane 3, Erlend Ulvestad 2, Runar Åmodt 2, Evald Devik 2, Osmund Vereide 1, Vebjørn Espe 1.

No skal det spelast ei kvalik.runde til med fire av dei tapande laga i kvar runde. Dei to beste laga får vere med i hovedrunden. Denne skal truleg spelast regionalt i Bergen i oktober.

Vi ynskjer lukke til.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline