GHK sitt K3 lag slo G16 også i kveld

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Sep 2011

Etter tapet i forrige treningskamp for ei veke sidan, var det revansjelystne gutar som skulle slå tilbake mot det gode damelaget til GHK. Slik gjekk det ikkje.  Damene var sterkast også i kveldens kamp og vann 31-26, etter 15-13 til pause

Kampen som sådan var jevn heile vegen til det gjennstod 5 min.  Då drog damelaget ifrå.  Det som også skilde dei to laga var balltempoet som var mykje større hos damene, i tillegg til for mange personlege feil hos gutane.

Mestskårande i kveldens kamp var for damene sin del Ingrid Gimmestad og Eli Anne Birkelund med 8 mål kvar.  Hos gutane skåra Byrkjelo sin store son, Andreas Kleppe 7 mål, medan Osmund Vereide stoppa på 4.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline