GHK herrane tapte B-finalen i Kortedala Cup

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Sep 2011

GHK spela seg heilt fram til B finalen i Kortedala cup i Gøteborg i helga.  I ettermiddagens finale vart det eit knepe tap 14-16 for HK Høk.

I dei innleiande rundane i går, vann GHK fyrste kampen 19-9 over Upplands Tuna IK.  I dei to neste kampane gjekk det diverre ikkje like bra. Først tapte dei 10-17 for Backa HK1, før dei rauk heile 8-18 for Ale HF.  Dermed 3.plass i pulja og B sluttspel i dag.  I kvartfinalen i B sluttspelet vann dei 25-11 over Tune IL, før dei i semifinalen slo arrangørklubben Kortedala IF med 17-12.

Har ikkje fått rapporter frå Sverige, men truleg er trenaren godt nøgd med å få 6 kamper til å samkøyre laget fram mot seriestart.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline