Herrelaget til Gøteborg

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Sep 2011

Trenar Bjørn Roth Andenes tar med seg elevane sine på langtur i helga.  Dei skal til Gøteborg for å delta i Kortedala Cup.

Bjørn Roth Andenes

Dei reiste frå Sandane kl 14 i dag, og reknar med å vere framme laaangt på kveld/natt.  Troppen tel 14 mann. Dette er ein del av førebuingane til årets sesong i 2.divisjon og dei møter hard motstand frå gode svenske lag.  I den innleiande gruppa møter vi ALA HF, Backa HK1 og Upplands Tuna IK.  Kor lenge ein vert verande i vårt naboland avheng sjølvsagt av gutane sine prestasjonar på bana, men dei er nok ikkje heime før natt til mandag.  Vi ynskjer dei lukke til!!  For meir info sjå: http://www.kortedalacup.se/



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline