K3 damene slo G16 i treningskamp!

Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Aug 2011

I mangel på anna motstand hadde trenarane Øyvind og Torbjørn avtala internkamp mellom K3 damene og G16 laget under dagens treningsøkt.  Damelaget vann kampen 26-24, etter å ha leia 13-10 til pause.

Erlend Ulvestad & co måtte sjå seg slått av damelaget (arkivfoto)

Øyvind mønstra stort sett heile laget sitt med unntak av Marthe Heien Hansen som er i Bergen.  Torbjørn hadde heile 18 gutar å velge mellom, så han køyrde 2 blanda lag, og skifta heile laget etter halvspela av kvar omgang.  Damelaget var tydleg tent på å vise den nye trenaren kva som bur i dei, og hadde føringa gjennom heile kampen.  Anført av ei strålande opplagt Eli-Anne Sandal Birkelund på strek, hadde dei eit langt større balltempo enn gutane.  Eli-Anne sette inn 10 mål og var kampens suverene toppskårar.  Hege Roth Andenes og Malene Støylen hadde hennholdsvis 4 og 3 frå kanten.  For gutane sin del tok Vegard Sælen ansvar i andre omgang og enda på 5 mål, medan bror Åsmund, Ørjan Sundal og Osmund Vereide hadde 3 mål kvar.

Ifølge Øyvind er damelaget i rute, men treng enno ein del justeringar fram mot sesongstart. For gutane sin del meiner Torbjørn at dei verka "rustne", men reknar med at også dei skal vere klare når alvoret starter.

Ettersom dei 2 laga stod så godt til kvarandre, har dei likegodt avtala ny treningskamp neste tysdag òg.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline