Treningskamp både for damene og herrane

Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Aug 2011

Etter ein månad med hard trening tar trenarane Øyvind Indrebø og Bjørn Roth Andenes med sine respektive dame og herrelag til Styrkhallen i Innvik for å møte nabo Stryn til treningskamp fredag kveld.  Damekampen går kl.18.30 medan herrekampen er sett opp kl. 20.00. Både damelaget og herrelaget har trena godt denne månaden.  Det er kjekt å følgje med på den gløden og iveren som vert synt av både trenarar og spelarar på treningane.  Klarer ein å koma gjennom perioden fram til Firdahallen opnar igjen med nytt dekke med like gode takter, skal ein møte godt forberedt til seriestarten, for herrane i 2.divisjon og for damene i 3.divisjon.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline