GHK-herrane totalt overlegne

Postet av Herrar 3.div den 29. Nov 2015

Herrane tok i dag i mot Sotra 2 i Trivselshallen. Før dagens kamp stod GHK utan tap og Sotra utan siger, og dei var dermed plassert i kvar sin ende av tabellen. Med dette utgangspunktet låg det ann til overkøyring i dagens kamp, men det er farleg å ta lett på oppgåva. Heldigvis verka karane tende frå start. Og det var snakk om eit ynskje om å skåre over 40 mål.

Etter 10 min av den fyrste omgangen var standarden sett, på stillinga 9-2 til GHK. Etter 20 minutt stod det 18-5 til heimelaget og til pause var leiinga auka til 23-6.

Den andre omgangen var mykje lik den fyrste. Det tok nesten 10 minutt før Sotra 2 skåra mål etter pause, medan karane våre heldt fram med å skåre framover. Sotra 2 tok ein timeout på stillinga 30-6, til lita nytte. Då dommaren bles av kampen lyste tavla heile 42-14 i favør GHK!

Sjølv om dagens kamp ikkje gav dei største utfordringane, opna den for at ein del unge spelarar kunne få mykje speletid. I store delar av kampen var det fleire ferske, unge spelarar på bana, utan at laget vart svekka av den grunn. Spelarar som Tarjei Vereide, Eirik Hovstad og Marius Moritsgård viste seg fint fram både i forsvar og i angrep. Og etter ei vanskeleg avgjersle vart Eirik kåra til GHK sin beste spelar i kampen.

Trenar Dammyr hadde heile 14 spelarar med i troppen, og alle (med unntak av målvakta) teikna seg på skåringslista. Dette vitnar om eit lag med god breidde og mange variasjonsmoglegheitar. Dagens toppskårar vart Osmund Vereide med seks mål, følgt av Ørjan Sundal og Sindre Flatjord med fem kvar.

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Erlend Ulvestad (4), Runar Gåsemyr (2), Tarjei Vereide (3), Mikael Alander (2), Ørjan Sundal (5), Osmund Vereide (6), Bjørn-Magnus Nystad (4), Jens-Christian Andenæs (4), Sindre Flatjord (5), Jon-Andreas Kornberg (1), Marius Moritsgård (3), Eirik Hovstad (2), Runar Hellerud (1).




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline