Vakna i tide

Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Feb 2016

Bergenslaget Gneist kom i dag til Trivselshallen for å møte Gloppen sitt herrelag. Med seg i bagasjen hadde dei skarve seks poeng. Mot Gloppen sine 23, på like mange kampar.

På papiret skulle dette vere enkle poeng for GHK, men klisjear som "ballen er rund" og "kvar kamp lever sitt eige liv" eksisterar ikkje utan grunn. Det fekk vi prov på i dag.

Det tok heile 7 minutt i den fyrste omgangen før GHK skåra, heldigvis hadde Gneist til då berre fått ein ball forbi GHK-forsvaret. Men det ville seg ikkje heilt resten av omgangen heller. Til pause var stillinga 11-10 til GHK.

Den andre omgangen starta litt som den fyste. Det gjekk fire minutt før GHK skåra, og stillinga var då 12-12. Etter dette drog Gneist ifrå med eit par mål, før GHK starta opphentinga. Med fire minutt att på klokka var dei ajour på 21-21 og då dommaren bles av kampen var GHK i føringa med to mål, 23-21.

I spissen for opphentinga stod, mellom anna, brørne Bjørkum Vereide. Yngstemann Tarjei stod imponerande godt i forsvaret, medan storebror Osmund skåra fem mål, på fem sjansar, i løpet av dei siste 8 minutta av kampen. I tillegg til desse stod Paul Remi Kvandal ein god kamp mellom stengene og dagens mann for GHK, Sindre Flatjord, bidrog mykje med sine fem mål og gode innsats.

I ein rufsete kamp tek GHK med seg 2 poeng vidare i kampen for opprykk til andredivisjon.

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Håvard Husevåg, Tarjei B. Vereide, Osmund B. Vereide (5), Runar Gåsemyr (5), Eirik Hovstad, Runar Hellerud (1), Bjørn Inge Flølo Kleppe, Ørjan Sundal (2), Preben Indrebø (4), Sindre Flatjord (5), Jon Andreas kornberg, Marius Moritsgård (1).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.