Offisielt seriemeister 15/16

Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Apr 2016


Det er aldri mogleg å vite kva Norrøna finn på når dei stiller til kamp. Dei er dei einaste som har vunne over GHK-herrane denne sesongen. Ein sterk prestasjon av eit veteranlag, noko som vitnar om kva som framleis bur i dei.

Norrøna har denne sesongen henta litt yngre forsterkningar, men dei var ikkje å sjå i Trivselshallen i dag. Faktisk var den yngste spelaren 49 år gamal. Og om du stussar på det talet kan vi røpe at den eldste spelaren nett har fylt 61 (!) år. Utan at det skulle tilseie at dei ikkje høyrer heime i divisjonen. Dei ligg faktisk på ein imponerande 2.plass.

Samstundes er det tydeleg at det er nokre år sidan Norrønaspelarane var på topp. Det er ikkje like mykje fart i beina som det ein gong var. Difor vart dei ein enkel match for GHK-herrane, som tok sigeren med tala 34-16.

Det var ingen tvil i dag. GHK hadde kontroll frå start til slutt. Trenar Daniel Dammyr rullerte på laget, og alle fekk kome på bana. Jens Christian Andenæs vart kåra til GHK sin beste spelar i dag, medan Ørjan Sundal vart toppskårar med sine 6 mål.

Alle spelarane fekk fortente medaljar kring halsen etter kampen, samt t-skjorter og ein pokal som prov på bragda.

For det har ikkje vore mykje tvil denne sesongen. Det har vore gode prestasjonar frå ende til anna. Og sjølv om vi hadde håpa at laget skulle hevde seg i toppen, var det nok færre som hadde sett føre seg kaptein Ørjan Sundal løfte pokalen etter siste seriekamp. Men det er ikkje ein draum. GHK er seriemeisterar i herrane sin 3.divisjon for sesongen 15/16.

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Hans Sande (2), Jens Christian Andenæs (4), Preben Indrebø, Eirik Hovstad, Tarjei Vereide (3), Runar Gåsemyr (4), Erlend Ulvestad, Marius Moritsgård (1), Sindre Flatjord (3), Jon Andreas Kornberg (2), Edvin Øygard (4), Ørjan Sundal (6), Osmund Vereide (5).

No er det klart for kvalikkampar for opprykk til 2.divisjon komande sesong. Det er enno uklart kva lag vi skal møte, men kampane vil verte spelt mellom 01. og 08. mai. Så det er berre å merke av i kalendaren og be seg fri frå jobb. Ingen vil vel gå glipp av dette?

Heia GHK!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline