Nyttig info
Dugnader:
REGIONSMESTERSKAP FOR JENTER OG GUTAR 16 ÅR
Den 11. april skal Gloppen handballklubb arrangere regionsmeisterskap for J og G 16 år i Firdahallen. Vi får 2 lag frå Bergen og eit lag på besøk som skal overnatte hos oss.
Dugnadslista finn du her. Sjekk kva det er du skal gjere.
Ny revidert dugnadsliste for våren 28-02-2010
Ny liste er lagt ut i dag, sjå her:
Ny dugnadsliste til kiosk 10-12-2009
Det er lagt ut ny kioskliste i dag. Sjekk her Lurer du på kva som er oppgåvene dine kan du sjå her
Fair Play-vert ( Utdrag frå NHF ) 04-12-2009
Fair Play-vert er en ordning som vi ønsker at alle klubber etter hvert skal være en del av. Fair Play-verten skal ikke bare ivareta dommeren, men være en person i hallen under arrangement som har ansvar for å ta godt imot lagene og dommeren når de kommer til hallen, vise til garderober og gjerne sørge for oppvartning for alle deltakere. Verten skal ha en godt synlig vest som klubben kan få tilsendt fra regionen, og skal slik være en som forebygger for uønsket opptreden fra foreldre og lagledere. På lik linje med sekretærer og andre arrangementsansvarlige, håper vi mange klubber også vil sette opp Fair Play-verter til vakt i hallen. Slike tiltak vil bidra til klubben får et godt omdømme både blant egne medlemmer og blant andre klubber. Et godt omdømme for klubben er igjen viktig når sponsorkroner skal fordeles, og når offentlige myndigheter skal se på anleggssituasjonen i nærområdet. Ta kontakt med regionen og bli med på Fair Play-vertordningen!
TOPP idrettsutvikling.:
Aktivitetsregistrering og vidare planar.
Hei alle !
Viser til nedanforståande - og vil minne trenarane om at de føl opp aktivitetsregistreringa.
Vidare aktivitetar som skal skje og som er under planlegging i samband med TOPP - idrettsutvikling:
Onsdag 25. november vil våre prosjektmedarbeidarar kome til Sandane.
Frå kl 15.00 - til ca 16.30 vil dei være til stades i Firdahallen for å sjå litt på fellestreninga som går då.
(reknar med at vi har mange treningsivrige utøvarar med der)
Frå ca kl 16.30 - til vi er ferdig -opplæring i bruk at "terapimaster" / "slynger", der alle trenarar og ein del spelarar skal være med.
Vi bør være ca 12 - 14 spelarar, halvparten av kvart kjønn.
Ansvar for å plukke ut jenter / kvinner er Ståle
Ansvar for å plukke ut gutar / menn er Bjørn og Kjell i samarbeid
Aktivitetsregistrering
Viser til tidlegare informasjon om utfylling av skjema for aktivitetsregistrering.
Vedlagt vil de finne skjemaet som vi skal bruke for å prøve å registrere utøvarane sin fysiske aktivitet over ein periode.
Skjemaet er enkelt tillaga i høve til at skjemaet er delt opp i 4 delar:
-
Handballtrening – All handballtrening i hall og gymsal og liknande
-
Fysisk trening – Eigne økter der fokus er fysisk trening
-
Handballkamp – Alle kampar, inkludert treningskampar
-
Annan idrettsaktivitet – All anna trening som ikkje fell inn i dei 3 andre gruppene
Kvar del har sin farge: Blå – Grøn – Raud – Gul
Aktivitetsarena = stad / arena der aktiviteten / treninga går føre seg:
-
Den individuelle arena(skule / individuell trening)
-
Klubb
-
Regionalt(SUM, RUM, regionslag, regionale landslagsmiljø)
-
Sentralt(landslagsaktivitetar)
Registrering av aktivitet
Skjemaet er ikkje meint som treningsdagbok, men ein registrering av aktivitet i tid.
Legg då inn minutt så lenge ein aktivitet varer, for eksempel ein skuletime = 45 min.
Kampar skal registrerast slik:
Kampens lengde – for eksempel 2 x 25 min = 50 minutt kamp
Oppvarming skal bereknast til 30 min
Sum kampaktivitet vert då 80 min
Vi reknar med andre ord ikkje speletid, men kampens totale lengde + oppvarming.
Vi ønskjer i denne omgang å registrere aktiviteten i vekene 45 – 48.
Etter nyttår planlegg TOPP - idrettsutvikling ei felles samling for "ball-idrettane".
(dette er Kaupanger fotball kvinner / Førde Volleyball / Gloppen HK.)
Program blir sendt ut så snart detaljane er klar.
.
Spørsmål ? Ta kontakt med Arvid

