GHK er klar for 2.div

Postet av Herrar 3.div den 14. Mai 2016

I kveld var det klart for den tredje og avgjerande kvallikkampen mellom GHK og Stryn sitt herrelag. Og for ein triller av ein kamp det vart i Førdehuset. Var dei to føregåande kampane eit drama, var dette "hinsides" frå start til slutt. Kampen starta med ei tidleg 2-0 leiing til Stryn, men laga følgde kvarandre som skuggar gjennom heile første omgong før GHK fekk ei tomålsleiing til pause. I andre omgong var GHK på det meste oppe i ei firemålsleiing, men Stryn kjempa seg tilbake i kampen. Men GHK held unna til siste slutt og vann med minst mogeleg margin. Men minst mogeleg margin er heilt ok.....GHK er klar for 2.div neste sesong. Nesten like imponerande som herrane sin siger er at minst 200 glopparar hadde teke turen til Førde, og stemninga på tribunen var magisk frå start og til lenge etterpå at kampen var slutt. Meir utfyllande info om kampen kjem nok i Firda Times som var tilstades. Vi seier berre GRATULERER til herrane våre!!!


Kan ta juleferie etter nok ein storsiger

Postet av Herrar 3.div den 6. Des 2015

I dag, søndag, var det klart for toppkamp i herrane sin tredjedivisjon. BSI kom frå Bergen med håp om å verte dei fyrste som skulle slå GHK-herrane denne sesongen.

Laga starta jamnt, og følgde kvarandre relativt tett, stort sett med GHK eitt og to mål føre. Til pause var stillinga 18-16 i favør GHK.

Starten av den andre omgangen var mykje lik den fyste. Det var ein del rot, både framover og bakover, men karane tok seg saman etter kvart og rykte ifrå. Leiinga auka utover i omgangen, mykje takka vere dagens mann Jens Christian Andenæs med sine 11 mål og Paul Remi Kvandal sine mange flotte og viktige redningar. Til slutt kunne GHK juble for nok ein siger, 39-29 denne gongen.

Den andre omgangen gav òg litt "dramatikk". To spelarar, ein frå kvart lag, fekk si tredje utvisning og dermed raudt kort, med ca. fem minutt att på klokka. For GHK var dette Ørjan Sundal. Her vil det nok verte litt diskusjon i ettertid om kor fortente minst ei av desse utvisningane var. Utan av vi skal seie meir om det her.

No kan karane ta ein velfortent juleferie (frå kampar, sjølvsagt, ikkje trening) på toppen av tabellen. Så håpar vi at dei held fram på same måten etter nyttår.

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Mikael Alander (5), Bjørnar Eikenes, Jens Christian Andenæs (11), Eirik Hovstad, Ørjan Sundal (4), Bjørn Magnus Nystad (2), Runar Gåsemyr (6), Runar Hellerud, Sindre Flatjord (3), Jon-Andreas Kornberg (5), Erlend Ulvestad (1).



BSI skal freiste det "umoglege"

Postet av Herrar 3.div den 5. Des 2015

GHK har så langt i år vore "umogeleg" å slå, og no skal nok eit lag freiste lukka. Søndag kjem nemleg tabelltoar BSI på vitjing i Trivselshallen, og det ligg ann til ny handballmoro med karane våre i hovudrolla.

BSI ligg nærast GHK på tabellen, og er per i dag kanskje den største utfordraren vår. GHK har, med unntak av kampen mot Kjøkkelvik 2, hatt god kontroll på alle motstandarane sine så langt i år. Samstundes har GHK enno ikkje møtt nokre av dei sterkaste laga i serien, som t.d. Norrøna og BSI. Såleis vert kampen søndag ein real test for laget og kva dei er kapable til.

Det er meldt regn og vind, og såleis ikkje noko friluftsvêr. Derimot kan vi melde om godt klima i Trivselshallen. I tillegg til at dette må vere den beste oppkøyringa til VM-starten, seinare på dagen, du kan få!

Kampen startar kl. 16.00, og vi håpar du tek med deg alle du kjenner og kjem på kamp!

Vi sjåast i hallen :)

Heia GHK!



GHK-herrane totalt overlegne

Postet av Herrar 3.div den 29. Nov 2015

Herrane tok i dag i mot Sotra 2 i Trivselshallen. Før dagens kamp stod GHK utan tap og Sotra utan siger, og dei var dermed plassert i kvar sin ende av tabellen. Med dette utgangspunktet låg det ann til overkøyring i dagens kamp, men det er farleg å ta lett på oppgåva. Heldigvis verka karane tende frå start. Og det var snakk om eit ynskje om å skåre over 40 mål.

Etter 10 min av den fyrste omgangen var standarden sett, på stillinga 9-2 til GHK. Etter 20 minutt stod det 18-5 til heimelaget og til pause var leiinga auka til 23-6.

Den andre omgangen var mykje lik den fyrste. Det tok nesten 10 minutt før Sotra 2 skåra mål etter pause, medan karane våre heldt fram med å skåre framover. Sotra 2 tok ein timeout på stillinga 30-6, til lita nytte. Då dommaren bles av kampen lyste tavla heile 42-14 i favør GHK!

Sjølv om dagens kamp ikkje gav dei største utfordringane, opna den for at ein del unge spelarar kunne få mykje speletid. I store delar av kampen var det fleire ferske, unge spelarar på bana, utan at laget vart svekka av den grunn. Spelarar som Tarjei Vereide, Eirik Hovstad og Marius Moritsgård viste seg fint fram både i forsvar og i angrep. Og etter ei vanskeleg avgjersle vart Eirik kåra til GHK sin beste spelar i kampen.

Trenar Dammyr hadde heile 14 spelarar med i troppen, og alle (med unntak av målvakta) teikna seg på skåringslista. Dette vitnar om eit lag med god breidde og mange variasjonsmoglegheitar. Dagens toppskårar vart Osmund Vereide med seks mål, følgt av Ørjan Sundal og Sindre Flatjord med fem kvar.

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Erlend Ulvestad (4), Runar Gåsemyr (2), Tarjei Vereide (3), Mikael Alander (2), Ørjan Sundal (5), Osmund Vereide (6), Bjørn-Magnus Nystad (4), Jens-Christian Andenæs (4), Sindre Flatjord (5), Jon-Andreas Kornberg (1), Marius Moritsgård (3), Eirik Hovstad (2), Runar Hellerud (1).



GHK med storsiger over BI

Postet av Herrar 3.div den 14. Nov 2015

I dag møtte herrelaget BI til kamp i Trivselshagen. Det var knytt spenning til om herrane kunne halde fram det gode spelet dei har hatt så langt i sesongen, og ikkje minst om dei framleis ville vere ubesigra etter dagens kamp.

Kampen starta jamnt, og det stod 4-4. Etter det var det stort sett GHK som hadde kontroll. Dei auka til 10-4, og til pause var leiinga 12-7.

I den andre omgangen var det eigentleg aldri tvil om kvar poenga ville hamne, sjølv om det til tider var litt rot i rekkene. GHK spelar stort sett solid i forsvar, det vinn dei mykje på. I tillegg står evigunge Paul Remi Kvandal ein glimrande kamp mellom stengene. Framover vert det nokre feilpasningar og nokre skotbom, men når alle utespelarane teiknar seg på skåringslista og dei til saman set inn 32 mål, spelar ikkje det så stor rolle i dag.

Sindre Moritsgård Flatjord vart kåra til dagens spelar og vart i tillegg toppskårar med seks mål. I tillegg fortenar unge Runar Hellerud skryt i dag. Han kjem inn på vingen i andre omgang og viser veldig fine takter, særleg framover. Med ein imponerande skotteknikk sat han inn fire flotte mål. Ein mann for framtida.

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Bjørn Magnus Nystad (1), Erlend Ulvestad (5), Runar Gåsemyr (5), Mikael Alander (1), Sindre Moritsgård Flatjord (6), Osmund Vereide (5), Ørjan Sundal (4), Jon Andreas Kornberg (1), Runar Hellerud (4).