Overlegen siger og månadens spelar

Postet av Kvinner 3.div. den 22. Nov 2015

I dag var Jotun på vitjing i Trivselahallen for å freiste å stele poeng frå GHK-damene. Men det vart med forsøket. For sjølv om det vart mykje bomskot på GHK framover, vart sigeren overlegen.

Før dagens kamp delte vi ut prisen for månadens spelar i oktober. Denne prisen gjekk til ein J14-spelar som har vist stor framgang denne sesongen, både på trening og i kamp. Hedda Rygg Eide fekk prisen forran alle dei frammøtte, inkludert dei fleste av lagvenninnene sine. Stor stas.

Ein av J14 sine mange gode spelarar, Hedda Rygg Eide, vart månadens spelar i klubben for oktober.

Det gjekk ikkje heilt vegen for damene framover i byrjinga av den fyrste omgangen. Etter 10 minutt hadde dei berre skåra 3 mål, men til gjengjeld tok det heile 16 (!) minutt før Jotun fekk si fyrste skåring. Då dommarane bles til pause hadde keeper Benedicte Gåsemyr kun henta fire ballar ut av nettet, medan resten av damene hadde skåra 13 framover.

Den andre omgangen var mykje som den fyrste på mange måtar. Mellom anna heldt Benedicte fram med storspelet, og måtte kun sjå fire ballar gå forbi seg denne omgangen òg. Framover skåra vi til slutt 29 mål, men det kunne fort ha vore fleire, med tanke på alle skota som gjekk utanfor stengene.

I tillegg til at det sjølvsagt er gledeleg å vinne 29-8 på heimebane, var det fleire lyspunkt under kampen. Ingrid Gimmestad gjorde comeback i GHK-drakta, og ungjentene Malin Isane Førde og Ingeborg Aasebø fekk vist seg fint fram med to skåringar kvar.

Dagens spelar vart, ikkje overraskande, Benedicte Gåsemyr. Ho redda det meste og slapp berre inn åtte mål heile kampen, godt hjelpt av eit godt forsvar. Dagens toppskårarar vart Heidi Sægrov og Lena Fossen med seks mål kvar.

Desse var med på kampen i dag: Benedicte Gåsemyr, Heidi Sægrov (6), Ingrid Gimmestad (1), Amanda Veiteberg (5), Marte Sunde Hjelle (2), Lea Marie Glomnes, Ingunn Tennebø, Malin Isane Førde (2), Ragnhild Ryssdal (3), Guro Tennefoss (2), Irene Slagstad, Lena Fossen (6), Ingeborg Åsebø (2).



Godt forsvarsspel sikra nye poeng til damelaget

Postet av Kvinner 3.div. den 18. Okt 2015



Dagens toppskårar, Ragnhild (med 10 mål), og dagens beste spelar, Amanda, er godt nøgde med kampen.

BSI kom til Gloppen med bagasjen full av sjølvtillitt etter ein overbevisande 27-19 siger over Jotun på laurdag. GHK måtte klare seg utan viktige spelarar som Benedikte Gåsemyr og Irene Slagstad, utan at det såg ut til å ha veldig stor innverknad på laget.

Den fyrste delen av fyrsteomgang følgde laga kvarandre tett. Og etter 18 minutt var laga like langt på stillinga 8-8. Deretter sette GHK inn eit lite rykk som BSI ikkje klarte å følgje. Heile den fyrste omgangen var prega av framifrå forsvarsspel av gloppedamene, noko som resuterte i at GHK leia 18-12 til pause.

Den andre omgangen var prega av litt meir rot enn den fyrste. Mellom anna hadde GHK ei måltørke på ca. 8 minutt, der BSI tok litt innpå. På det "verste" var dei 3-4 mål bak, altså ikkje nok til å kunne truge sigeren for GHK.

Det er tydeleg at GHK-damene har opparbeida seg ein stor sjølvtillitt og tru på det dei driv med. Særleg er dette tydeleg i forsvaret. Framover teikna dei fleste seg på skåringslista, men Ragnhild Ryssdal vart suveren toppskårar med sine 10 mål for dagen. Bakover bidrog alle til at det vart ein komfortabel 28-22-siger til slutt.

Prisen for dagens beste spelar gjekk til Amanda Veiteberg. Ho viste styrke i forsvaret og skåra fire flotte mål. Alt i alt var dette ein lagsiger, og forhåpentlegvis ein peikepinn på kva vi har i vente utover sesongen.

Desse var med i dag: Kari-Ann Sørland, Ragnhild Ryssdal (10), Marte Sunde Hjelle (1), Ingvild Slangstad (1), Lena Fossen, Heidi Sægrov (6), Guro Tennefoss (2), Ingunn Tennebø (1), Malin Isane Førde, Torill Gaasø (3), Amanda Veiteberg (4).

Heia GHK!