Siger over serieleiaren

Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Nov 2017

Etter to tap på rad var det i dag klart for ny herrekamp i Trivselshallen. Denne gongen var det serieleiaren Åsane som stod på motsett banehalvdel. Åsane kom til Gloppen med fem sigrar av fem moglege så langt denne sesongen, så glopparane hadde ei stor utfordring forran seg. 

Kampen starta jamnt, med GHK som det leiande laget. Forsvaret satt frå fyrste stund og bergensarane fekk det tøft. Etter 23 minutt tok dei timeout på stillinga 7-4. Dette såg ut til å hjelpe, for tre minutt seinare var stillinga 7-6, og GHK tok timeout. Til pause var stillinga 8-7 - ein veldig målfattig fyrste omgang, med andre ord. 

Tre og eit halvt minutt ut i andre omgang var Åsane i leiinga for fyrste gong i kampen. GHK tok seg saman og etter halvspela omgang var dei oppe i 16-13. Så trua Åsane på nytt, for fem minutt seinare var stillinga 17-17. Det vart ei uhyre spennande avslutning på kampen. Frå 17-17 vart det 18-18, trass i to minutt med ein mann mindre på bana. 

Med få minutt att skåra GHK, og heldigvis klarte dei å kjempe dei siste sekunda i forsvar, før dei kunne sleppe jubelen laus. Kampen enda 19-18.

Det er ingen tvil om at dagens kamp vart vunne i forsvar. Veldig gledeleg etter litt varierande prestasjonar dei siste kampane. Framover utmerka særleg Vegard Moritsgård Flatjord seg, med sine åtte mål. 

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Dusan Vasiljevic, Vetle Ottesen, Runar Gåsemyr (2), Bjørn Magnus Nystad (1), Vegard Sælen (1), Andreas Nyhagen Hole, Tarjei Bjørkum Vereide (4), Hans Sande, Ørjan Sundal (3), Vegard Moritsgård Flatjord (8), Magnus Ødven, Erlend Ulvestad. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.