Damene sikra sesongens fyrste poeng

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Sep 2016

Damelaget til GHK i 3.divisjon sesongopna i dag mot Kjøkkelvik på heimebane i Trivselshallen. Mange av spelarane som var med i fjor, er av ulike årsaker ikkje med i år. På grunnlag av dette var det mange som var spente på kva som venta dei då dei møtte opp i hallen for å sjå.

Laget i år er ei god blanding av unge og erfarne spelarar. Ekstra gledeleg er det at erfarne, viktige spelarar som Linn Kristin Øren, Eli Anne Sandal, Bodil Hjelmeset, Ingunn Berg, Ingrid Gimmestad og Heidi Sægrov utgjer stammen i laget. Dette skapar tryggleik og ro i troppen. Dette skulle vise seg å vere nyttig i dagens kamp.

Kampen starta jamnt, og relativt tregt. Det var lite fart i begge lag og mange bomskot. Kampen var jamn og målfattig. Veldig målfattig. Etter 17 minutt av den fyrste omgangen var stillinga 2-4 til Kjøkkelvik! Kjøkkelvik var på det meste opp i ei tomålsleiing, men GHK knappa innpå, og gjekk til pause på 6-7.

Etter pause var det meir trøkk i laga og tempoet steig. Etter halvspela andreomgang var GHK oppe i 11-8 leiing. Då kom aldri Kjøkkelvik nærare. Sjølv om GHK fekk to utvisningar i denne omgangen, påverka ikkje dette resultatet. Den ein perioden vann dei 1-0, den andre enda 0-0.

Kampen enda til slutt 15-11 til GHK. Låge tal for å vere seniorhandball. Bakover skal Bodil Hjelmeset i forsvaret og, ikkje minst, Linn Kristin Øren i mål, ha mykje av æra. Øren vart òg kåra til dagens spelar av den lokale juryen.

Framover var det Heidi Sægrov som vart toppskårar med sine seks mål, fulgt av Eli Anne Sandal med tre. Lenge var det kun desse to som var på skåringslista, men andre melde seg heldigvis på i den andre omgangen.

Etter ein treig start var det godt å sjå eit lag som var solide bakover og som, etterkvart, fann rytmen framover. Dette lovar godt for framhaldet.

Desse var med i dag: Linn Kristin Øren, Birte Liset, Heidi Sægrov (6), Ingrid Gimmestad (2), Teresa Mahle, Julia Bugjerde, Malin Førde (1), Ingunn Berg, Kristina Willoughbly (1), Eli Anne Sandal (3), Mathilde Haugen, Ingunn Tennebø (2), Bodil Hjelmeset.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.