Spanande kamphelg i vente!

Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Des 2013

Det går mot ei spanande kamphelg for mange av GHK sine lag. K3 damene skal på langtur til Stord på laurdag, før dei møter Os 2 i Os på søndag. Herrelaget i 3.divisjon skal ut i lokalderby på bortebane mot Eid på lørdag, medan G16 møter Florø på heimebane i Trivselshagen, også på lørdag.  Til slutt skal J16 ha dobbelkamp, også det på lørdag, på heimebane mot Florø og Florø 2.

GHK sitt jentelag skal møte Florø til dobbelkamp i Trivselshagen på laurdag

Damelaget i 3.divisjon skal altso ut på langtur denne helga.  På laurdag møter dei Stord 2 på Stord.  På heimebane vart dette laget "knust" 42-15, men no veit ein aldri kva desse andrelaga stiller med frå kamp til kamp, så her må ein ikkje ta noko på forskot.  Likevel bør dette vere 2 poeng til GHK.  På søndag møter ein så tabellnabo Os 2 på Os.  Dette vert nok ein langt tøffare kamp. Men klarer våre jenter å kome opp på det nivået dei synte sist dei var i Bergen, kan også denne kampen vinnast. Litt småskader i troppen, men også eit nytt bekjentskap.  Helene Stenseth frå Dale er klar for spel, og vert med sørover.

Herrelaget møter Eid på bortebane.  Dette vert nok ei langt tøffare oppgåve enn mange trur.  Eid imponerte i siste heimekamp då dei greidde uavgjort mot topplaget Bjørnar 2.  Fleire "importspelarar" gjer at dette Eidlaget er styrka på mange plassar.  Så her må våre gutar opp på toppnivået skal poenga sikrast.

Gutelaget møter Florø på heimebane.  Her bør Torbjørn Sælen sine gutar kunne kjempe om 2 nye poeng. Dei må unnvere Preben Indrebø som spelar med H3, men har etterkvart fått bra dreis på spelet sitt. Så med topp innsats frå heile laget, har vi trua!

Jentelaget må unnvere sterke Solgunn Reed Lote i lørdagens dobbelkampar mot Florø.  Ho får sin debut i 3.divisjon denne helga. Men også jentelaget syner stor framgong frå kamp til kamp.  Sist hadde dei eit av topplaga, Førde, i kne lenge, men måtte til slutt gje tapt.  Klarer dei litt av det same denne helga, trur vi iallefall på 2 poeng.  Kanskje fleire.

Lukke til i helga.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.