G16 opna med storsiger

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Sep 2013

Det "nye" laget til GHK-16 var i akson i Firdahallen idag og gjekk til slutt av bana med storsiger 26-12 mot Askvoll/Holmedal.
Første omgang opna veldig nervøst og A/H fekk første målet før gutane omsider klarte å utlikne- 1-1 stod seg lenge utover omgange. A/H viste seg som eit ganske svakt lag der berre 2 av spelarane avlutta mot mål. For gutane våre var det lite tempo og trykk i det dei gjorde framover og det var tydleg at det var lenge sidan dei hadde spelt kamp. Ein god omgang mellom stengene av Ole Kristoffer Sørland gjorde at ikkje A/H drog ifrå i denne perioden.

Etterkvar løsna det, og utover omgangen sleppte dei seg meir laus. Dagens storscorar Jon Andreas Kornberg byrja etterkvart å treffe samtidig som ein fekk bra tak på A/H sin farlege midtpelar. Eirik Hovstad knalla til med ei super skotfinte og vips så var gutane på gli. Til pause var stillinga 13-5.

Utover i andre omgang fekk gutane fart på angrepsspelet sitt og dei fossa stadig gjennom forsvaret til A/H. Håvard Husevåg viste at vi har to gode målvakter og knallsterke Marius Moritsgård herja på strek. Dette kan bli bra. Sluttstillinga vart 26-12 mot laget som truleg er det svakaste i serien. Tøffare utfordringar står nok for tur seinare i haust, men med god trening skal vi bite frå oss.

I dag skora alle utespelarane, men dagens mann var nok Jon Andreas med heile 12 mål. 

Desse var med: Håvard Husevåg, Ole Kristoffer Sørland, Jon Andreas Kornber 12, Sindre Flatjord 3, Bjørnar Eikenes 1, Marius Moritsgård 4, Arne Nybø Gangeskar 1, Eirik Hovstad 2, Runar Hellerud 1, Hans Kristian Arnestad 1, Håvard Torvanger 1.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.