Ope møte om skulebruksplanen 21. mai

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mai 2013

Det vart i dag kjent at fylkesrådmannen i sitt framlegg til skulebruksplan får dramatiske konsekvensar for Gloppen og Firda vidaregåande skule, om den vert vedteken i fylkestinget 11. og 12. juni. Blant anna vil han legge ned idrettslinja på Firda vgs. Gloppen kommune og Gloppen næringsorganisasjon inviterer til orienteringsmøte om skulebruksplanen for fylket i kultursalen i Trivselshagen tysdag 21. mai kl 19.00.

Kommune, politikarar og næringsliv orienterer og svarer på spørsmål kring temaet: Ny skulebruksplan – kva konsekvensar får dette for næringslivet- og lokalsamfunnet Gloppen?
Viktig at idretten møter opp og syner at vi vil kjempe for tilboda ved Firda vidaregåande skule.  Ein skule som er nøkkelen til dei mange store idrettsprestasjonane ungdom frå vår kommune og ungdom frå andre stader i fylket som har gått på Firda, har oppnådd.  For handballen sin del, håper vi at Idrettskrinsen står ved det dei tidlegare har gått inn for, og at Handballregionen syner "musklar", og at begge no gjer det dei kan for at idrettsfag ved Firda også skal vere eit val i framtida for idrettsungdom frå heile fylket.  Søkjartala hit, anleggssituasjonen, dyktige lærarkrefter, trivsel blant hybelbebuarane er kun nokre av punkta som burde gjere valet til fylkespolitikarane enkelt.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.