K3 damene med siger i Bergen

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Feb 2013

GHK sitt damelag i 3. div vann i dag den viktige bortekampen mot Bjørnar 2 med 23-18, etter at dei leia 13-8 ved pause.  Dette var kampen ein skulle vinne, og jentene gjorde jobben.

Frå Bergen får vi meldt om ein positiv start på kampen, der vi raskt går opp i 4-0.  Benedikte står bra i mål, og alle melder seg på framover.  Ein har bra kontroll på kampen, og utover i første omgong kjem dei fleste på skåringslista. Linn Kristin kjem også inn i målet, og gjer fleire flotte redningar.  Elisabeth Hansen gjer ein flott jobb, og gjer kanskje sin beste kamp så langt i GHK drakta, med 4 mål.

Utover i andre omgong er ein fleire gonger oppe i 6-7 måls leiing, men i periodar kjem det "varme i topplokket" og jentene dett litt nedpå.  Bjørnar 2 har ein sterk venstreback som skårar over 10 mål, mange av dei på frikastoppstilling.  Celina Nordbø får ein kraftig smell mot slutten, og det er usikkert kor alvorleg skaden er.  Kanskje er det brot, men dette vert klårt utover kvelden.  Trenar Kjell Aske seier og at saknet av kaptein Heidi Sægrov, som er heime i Sogndal med sjukdom, var merkbart i dagens kamp.  Men siger er siger, så no er det berre å lade opp mot morgondagens kamp mot topplaget Voss.  Her har ein iallefall ingenting å tape, så det gjev kanskje ein positiv inngong til kampen.

Desse var med i dag: Sintija(1), Ragnhild(1), Marte(4), Torill(4), Elisabeth(4), Ingvild(3), Celina(3), Elise(3), Irene, Benedikte, Linn.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.