K3 damene med viktig heimekamp

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2013

Det er klart for ei ny kamphelg.  Som einaste GHK lag med heimekamp, skal damelaget til Kjell Aske møte NHHI i Firdahallen på laurdag. Gutelaget skal til Førde for å møte heimelaget der, medan jente 15 laget skal møte nabo Eid på nordsida av Nordfjorden.

Torbjørn Sælen & co skal møte møte Førde i G16 serien(her etter vunnen heimekamp mot same motstander)

Første lag ut på laurdag er gutelaget.  Dei skal møte Førde på bortebane, og er nok svært "gira" på å rette opp tapet mot Stryn sist.  Førde ligg nest sist på tabellen, men har to kampar mindre spela enn laga framføre på tabellen.  GHK ligg åleine i toppen, men har Stryn jagande bak, og her er ikkje 1. plassen trygg enno.  Vi trur Torbjørn sine gutar klarer dette, og returnerer gjennom Våtadalen med to nye poeng.

Den mest spanande kampen, sett med underteikna sine auge, er nok kampen i damenes 3.div mellom GHK og NHHI.  Skal GHK halde seg på trygg avstand frå nedrykksspøkelset, bør denne kampen vinnast.  NHHI ligg på 9. plass på tabellen, og i den omvende kampen i Bergen vann damene til Kjell rimeleg greit.  Men.., NHHI kjem frå ein svært sterk bortesiger over Askøy, og er nok i langt betre form no.  Når vi så veit at GHK truleg stiller med eit noko redusert lag i høve til det som slo Årstad 2 i Bergen sist helg, vert det truleg ein tøff kamp om poenga i Firdahallen på laurdag.

Jente 15 laget har synt ei stigande formkurve utover i sesongen.  No ventar sterke Eid på bortebane.  I heimekampen mot same lag vart det eit klårt 15-24 tap.  Eid ligg på 3.plass, medan GHK ligg på 7.plass.  Dette vert nok ein vanskeleg kamp, men om jentene syner kampvilje og innsats, kan dette fort ende med bortesiger til GHK.  Men tøft vert det :)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.