Gutelaget spelar borte mot Stryn i morgon.

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2013

GHK sitt suverene 16 års gutelag skal til Stryn i morgon for å prøva og revansjere sitt hittil einaste tap denne sesongen.  I heimekampen i november måtte GHK sjå seg slegne 20-17 av Stryningane.

Kristian Henden & co på revansjejakt i Stryn i morgon. (bilde frå heimekampen mot Eid/Haugen)

Trenar Torbjørn Sælen har verkeleg fått sving på gutane sine, og laget er i ein suveren leiing på tabellen. Mykje skal gå gale om ikkje desse karane allereie er klare for regionsluttspelet.  Laget har sanka 16 poeng på 9 kampar, medan morgondagens motstandar Stryn, har 8 poeng på 6 kampar. GHK sitt einaste tap hittil, kom nettopp mot Stryn på heimebane i november.  I den kampen vann Stryn 20-17.  Om GHK klarer å prestere på same nivå som mot Årdalstangen sist, trur vi Stryn skal få slite med å gjennta bedrifta frå Firdahallen.  Men handball kan vere ei uforutsigbar idrett, så her må gutane vere "på nett" frå start av.

PS! I kveld spelar GHK sine to damelag treningskamp i Firdahallen kl. 20.00.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.