Stang ut for damelaget i 3.div. Tap mot Dale

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Des 2012

Det var knyta stor spaning til om damelaget i 3.divisjon kunne revansjere seg etter det leie tapet mot Dale i seriepremiera i dagens kamp mot same motstandar på heimebane.  Men trass i leiing 15-12 til pause, måtte ein til slutt innsjå at Dale var hakket kvassare og vann kampen 27-24.

Første omgong var for så vidt godkjent av heimelaget, og ein var ei stund oppe i seks måls leiing.  Men Dale kom betre med mot slutten av omgongen og knappa inn på GHK si leiing. Elise H Hansen måtte ut med ei skade midt i første omgong, og då mista heimelaget mykje balltempo.  Sjølv om Marte H Hansen skåra 8 mål og Heidi Sægrov 5 mål, makta ein ikkje å stå imot Dale sin kollektive innsats på slutten.  Det som først og fremst svikta for heimelaget i andre omgong, var tempoet i angrep.  Det vart for stilleståande og lett å lese for motstander.  I tillegg var det mykje stang ut skyting.  Her er det berre og brette opp armane, og trø til i kampane etter nyttår.  Elise H Hansen vart kåra til dagens GHK spelar.

Målskårar i dagens kamp: Heidi Sægrov(5), Ingrid Gimmestad(1), Elise H Hansen(2), Marte H Hansen(8), Ingvild Slagstad(1), Torill H Gaasø(3), Katrine N Hole(3), Ragnhild Ryssdal(1).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.