Spanande kamphelg i vente

Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Nov 2012

Komande helg skal både dame og herrelaget i 3. divisjon spele kamp på laurdag, medan G16 laget skal i elden på søndag. Damelaget møter Årstad 2 i Firdahallen, medan herrelaget skal til Førde for å møte naboen der.  Gutelaget tar imot Førde på heimebane.

Fem gutar som er klare for å kjempe mot Førde på søndag

For herrelaget sin del har sesongen så langt enda opp med 2 sigrar og 2 tap. Sist med eit knepent heimetap for studentlaget BSI.  Førde sitt herrelag har kun slege Stryn på heimebane, ellers har det stort sett enda med til dels store tap for bylaget frå Sunnfjord. På heimebane vann GHK med 15 mål over Førde, og vi trur laget til Bjørn Roth vil gjere alt for å halde på trona som det beste laget i fylket. Einaste usikkerheitsmomentet er at det er over ein månad sidan siste kamp for GHK, så kampforma kan vere så som så.

Også damelaget har hatt ein lang periode utan kamp, men dette har truleg vore like greit då ein har slite med mange skadar siste tida. Til kampen på laurdag er det vel kun Amanda Veiteberg som er heilt uaktuell.  Årstad 2 vert inga enkel oppgåve for damene til trenar Kjell Aske.  Dei kjem frå uavgjort mot topplaget Voss, samt to store sigrar over Bjørnar 2 og Dale.  Men med støtte frå eit entusiastisk heimepublikum, håper vi på ein knepen heimesiger og to nye poeng.  Då vil ein framleis henge med heilt i toppen av divisjonen.

Gutelaget til Torbjørn Sælen skal møte Førde på heimebane.  Begge lag har kun eit tap så langt. GHK ligg heilt i teten saman med Stryn, men Førde har spela ferre kampar og kan med siger her kome opp i ryggen på tetlaga. Truleg vert dette ein jevn kamp der heimebane kan vere avgjerande for resultatet i kampen.  Begge lag kjem frå tomålssiger over Florø.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.