G16 med dagens dobbel i Årdal.

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Okt 2012

GHK sitt gode 16års lag for gutar var i dag i Årdal og slo begge Årdalstangen sine lag. 25-24 og 29-27.  Meir om denne kampen kjem seinare når trenaren er komen vel heim att.  Frå Årdal har vi fått bilde av dagens vinnarlag :)

Årdalstangen-Gloppen 24-25 (13-13)

I dag møtte vi eit godt og velspelande Årdalslag. Dei opna knallhardt og vi fekk ikkje opp intensiteten i spelet vårt. Motstandaren gjekk tidleg opp i 4-1 leiing og dei gode langskyttarane til Årdal herja med oss utan at vi kom ut på dei. På det meste var vi 4 mål bak og måtte ty til "timeout".  Her fekk vi justert forsvarsarbeidet vårt og Hans Sande kom på bana og roa nervane med 3 kjappe mål. Underarm og to ganger hoppskudd som det lukta svidda av. Erlend traff med langskot og var sikker på straffe og til pause hadde vi utlikna, og kunne kvile på stillinga 13-13.

Andre omgang var jevn og laga følgde kvarandre tett, men det var Årdal som hadde føringa i kampen og vi måtte stresse for å halde følge. Magnus var god på strek, og han og Mikael brukte mykje krefter i midten for å halde Årdøladn frå livet.

30 sekund før slutt var stillinga 24-24 og stor stemning bland heimepublikumet. Mikael snappa ei dårleg passning og rushar åleine mot keeper. Idet han hoppar inn oppdaga han at han er komen for nær og må ty til ein dristig lobb som heldigvis dalar bak i hjørnet.  Motstandaren klarer ikkje å svare og vi har rodd i land ein arbeidssiger.

Desse var med: Jon Andreas keeper, Erlend 5, Sander 1, Magnus 4, Mikael 5, Lauritz 2, Hans 6, Peter 1, Kristian 1, Hans Kristian, Sindre.

Årdalstangen 2 - Gloppen 27-29 (13-16)
Dagens profil
Super kamp av Sander mot Årdalstangen 2 idag. Han var ustoppeleg og gav seg ikkje før han hadde putta 10 mål.


Gutelaget har ikkje målvakt i år og nokre av utespelarane må byte på denne jobben. Heldigvis har vi nokon som har prøvd dette før og ofrar alt for laget. Første kampen stod Jon Andreas Kornberg i mål, og andre kampen var det Hans som tok ansvar.

Etter ein times pause var det ny kamp. Dei som hadde tatt dei tyngste taka i første kampen fekk kvile litt meir i denne kampen. Med Hans i mål og Mikael på benken var det andre som måtte ta ansvar. Lauritz Bjørnereim fekk jobben som midtspelar og løyste det på glimrande vis. To fantastiske underarmsskott og flotte hoppskot bidrog sterkt til at vi parkerte Årdalstangen 2 i starten av kampen. I midten av første omgang var vi oppe i 12-6 leiing og saman med ein strålande Sander Nesdal hadde vi god kontroll. Til pause var stillinga 13-16 i Gloppen sin favør.

I staden for å spele på det sikre byrja gutane å slurve i starten av andre omgang. Ei rekke tekniske feil gjorde at vi inviterte Årdal inn i kampen. Dei var ajour på 21-21, men då sa Gloppen takk for seg og stakk ifrå- Sjølv om sigeren til slutt vart på berre to mål hadde dei bra kontroll og to nye poeng i boks.

Kampens store profil var Sander som putta heile 10 ballar i nettet. Han er lynrask på kontringar, sikker i avslutningane både på langskot og gjennombrot og fekk verkeleg vist potensialet sitt idag. Her blir det mykje å glede seg til framover.

Desse var med: Hans keeper, Hans Kristian, Sindre, Erlend 2, Sander 10, Lauritz 6, Magnus 5, Mikael 3, Peter 1, Jon Andreas 1, Kristian 1.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.