GHK får raus gåve frå Sparebankstiftinga

Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mai 2012

GHK har søkt Sparebankstiftinga om midlar knytt opp mot toppgruppeprosjektet klubben er ein del av.  Dette prosjektet er i samarbeid med Firda vidaregåande skule og idrettskrinsen.  I dag kunne salsleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Ingvill Hestenes overrekkje 100 000 blanke kroner til GHK på vegne av Sparebakstiftinga.  Desse pengane skal gå til arbeidet med å utvikle unge handballtalent som verkeleg vil bli gode i idretten sin medan dei tek utdanning ved Firda vgs.

Ingvill Hestenes i Sparebanken gjev (på ein symbolsk måte) 100 000 kroner til leiar i GHK, Øystein Sundal, samt ei "knippe" unge talentfulle handballspelarar frå toppgruppa.

Då fylkespolitikarane vende tommelen ned for at Firda skulle få status som vidaregåande skule med valfag Toppidrett handball, valde likevel skulen og GHK å gå vidare med planane for eit slikt tilbod.  Håpet no er at også Gloppen Kommune kan sjå verdien av eit slikt tilbod og bidra opp mot Firda vgs slik at tilbodet vert så godt som råd er alt frå skulestart til hausten.  Vi trur òg at dette kan vere med på å styrke Firda sin posisjon som skulestad i fylket og soleis vere ein "vinnvinn" situasjon for kommunen.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.