Festkveld med braksiger til GHK damene i sesongavslutninga

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Mar 2012

Det var til tider festhandball då GHK damene avslutta sesongen med å knuse Jotun 2 heile 40-22 i kveldens kamp i Firdahallen.  Ved pause leia GHK 21-12.  Celina Nordbø avslutta si karriere i GHK for denne gong, ved å vere kampens store profil og banka heile 10 baller i nota bak Jotun sin keeper.

Dagens glade gjeng, inkludert rekruteringsgruppa, ei skada veterantaus samt "knoll og tott" i trenarteamet.

Med nesten alle jentene kampklare (berre Torill mangla, og Hege er ute med langtidsskade), vart det ein skikkeleg festkveld for dei mange frammøtte tilskodarane.  Etter ein litt famlande åpning av kampen, drog GHK sakte men sikkert frå frustrerte Sognajenter.  Anført av fotrappe og fintesterke Celina Nordbø samt venstreslegga til Marthe H Hansen, var det aldri tvil om at denne kampen ville ende med heimesiger.  I tillegg var Eli-Anne tilbake på strek og "lynet frå Nordåsen" Elise i kontringshumør.  Legg ein så til ei Amanda Veiteberg i stadig stigande form, fleire andre ungjenter på bana, samt dei altid trygge bakspelarane Heidi og Bodil, ja då har ein fantastisk flott gjeng å byggje vidare på. Celina Nordbø reiser vekk på skule til hausten, og spela i kveld sin siste kamp for GHK, for ei stund iallefall. Og for ei avslutning. Den jenta har det både i bein og armar, og vart kampens toppskårar med 10 mål. 

Dagens profil

Kjekt å sjå at også Marthe set dei tunge skota sine gong på gong. Prikkskyting!!  Linn Kristin var god i mål, og hadde mange flotte redningar i kveldens kamp. Unge Amanda Veiteberg kjem inn eit stykke ut i kampen, og syner eit stort potensiale ved å hamre fleire ballar i mål. Irene er også i ferd med å bli skikkeleg varm i GHKtrøya, og spelar betre og betre, kamp for kamp.  Fleire andre unge jenter fekk også sin heimedebut i kveld.  Marte S Hjelle og Ingvild Slagstad syner at det gror godt på jentesida i klubben.  Marte fekk diverre ei skade rett etter at ho kom på bana og måtte ut, men både ho og Ingvild får nokm fleire kampar på dette nivået.

Ikkje lett for Jotundamene å kome gjennom forsvaret til GHK.

Desse var med i kveldens kamp: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(2), Malene Støylen, Amanda Veiteberg(4), Elise H Hansen(5), Celina Nordbø(10), Marte S Hjelle, Maria Kleppe(2), Eli-Anne Birkelund(5), Marte H Hansen(8), Irene Slagstad(1), Bodil Hjelmeset(3), Ingvild Slagstad.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.