Siste kamphelga denne sesongen

Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Mar 2012

Då er det klart for siste kamphelga i sesongen 2011-12.  På laurdag er Firdahallen arena for både gutelaget, jente15 laget og herrelaget.  Damelaget i 3.divisjon skal på bytur og møte Stord 2 på laurdag og BSI på søndag.

Desse jentene avsluttar sesongen mot Høyang i Firdahallen på laurdag

GHK sitt eldste gutelag skal møte Årdalstangen på heimebane.  Gutelaget vårt er den suverene vinnar av denne avdelinga, og er allereie klare for regionssluttspel.  Vi trur Torbjørn og Gunnar sine elevar brukar denne kampen til å finpusse forma inn mot sluttspelet.  Med alle mann skadefrie, bør dette vere ein grei heimesiger i sesongens siste kamp i denne serien.

Jenter 15 laget skal òg ut i sin siste kamp for sesongen når dei møter Høyang på heimebane laurdag.  Dei har så langt ikkje tatt poeng i sluttspelserien, og vil nok bruke denne kampen til å spele på seg "godfølelsen" av å vinne igjen.  Dette laget har mange flotte handballtyper, og vil heilt sikkert syne igjen på handballbana i mange sesonger framover.  Utifrå det vi har sett av dette laget i mange kampar i år, vil GHK få eit godt J16 lag til hausten.

Herrelaget har framleis moglegheit til å overleve i 2.divisjon.  Klarer dei å slå Bergen Vest i FH på laurdag, går dei forbi laget frå Bergen og opp på "sikker" plass på tabellen.  Dette bør vere motivasjon nok for laget, som på sitt beste, kan spele jamnt med dei fleste laga i divisjonen.  I år har dei hatt veldig mykje "stang ut" og tapt ein del jamne kampar.  Om dei likevel skulle rykke ned, er det på ingen måte nokon katastrofe.  Eit år i 3.divisjon, med mange unge som bankar på døra til a-laget, kan vere sunt med tanke på utviklinga av dei unge talenta.  Men, no er det først kampen om å overleve som gjeld!!  Større under har skjedd, gutar......så gje alt på laurdag, så får vi sjå kva det held til.

Damene skal som sagt på Bergenstur.  Dei skal møte to lag som ligg på nederste del av tabellen, så 4 poeng bør vere innafor rekkevidde.  Litt synd at dei denne helga må klare seg utan 3 av dei faste jentene på laget.  Både Eli-Anne, Torill og Bodil vert ikkje med til Bergen av ulike grunnar.  Dette svekkar nok laget ein del, og det vert spanande å sjå om ein likevel klarer "brasane".  I mangel av strekspelarar, har Øyvind plukka med seg Marte S Hjelle frå J16 og Sigrid Kissner frå K5 laget.  Vi håper og trur at desse to debutantane skal klare overgangen frå spel i 5.divisjon og på jentelaget.  Men spanande og tøft vert det.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.