"Superlaurdag" i Firdahallen

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2012

For dei handballfrelste vert det ein god dag i Firdahallen i morgon.  Begge GHK sine gutelag skal møte Stryn, medan damelaget i 3.divisjon skal møte Sogndal sine beste kvinnelege handballspelarar.  Til slutt skal så herrelaget i 2.divisjon møte Bergenslaget Viking til kamp om "livsviktige" poeng i kampen for å overleve i divisjonen.  Jente15 laget skal til Askvoll for å møte heimelaget der til kamp på søndag.

Edvin&Co skal prøve å ta poeng frå Viking. (Her lurer Edvin Norønna sin keeper på straffe i ein tidlegare kamp)

Først ut på sportsdekke i Firdahallen i morgon er gutelaget som møter Stryn.  GHK sine 16åringar er allereie klare for regionsfinalane, og vil nok bruke denne kampen som eit ledd i oppkøyringa mot desse kampane.  Vanlegvis ein sikker heimesiger, men i handball kan som kjent alt hende så gutane må vere "på" når kampen startar.  Litt seinare skal så 15års laget også møte Stryn. Dette laget har vore sterkt plaga med skadar i den seinare tid, men ligg likevel bra plassert på tabellen.  Om dei klarer å få flyten i angrepsspelet sitt, tru vi at Stryn må reise heim att over Utvikfjellet utan poeng i morgon.

Så er det klart for damekamp mellom GHK og Sogndal.  Vert spanande å sjå om damene våre fortset den gode trenden frå kampane i Bergen sist helg.  Klarer dei det, trur vi Sogndal skal slite med å ta poeng.  Det som kjenneteiknar årets utgåve av GHK, er høgt tempo og mange variasjonar i angrepsspelet. Ein er heller ikkje avhengig av enkeltspelarar, då dette laget har ei fin breidde i spelarstallen.  Om damene tar opp tråden frå Åsanekampen, må Sogndal verkeleg slite for å ta poeng.

Sist ut i morgon er herrekampen mellom GHK og Viking.  Viking ligg på tredje plass på tabellen, og har framleis mogelegheit om å kjempe om opprykk.  GHK ligg på nedrykksplass, og har såleis alt å vinne i denne kampen.  Difor reknar vi med at Bjørn RA sine menn vil vere topp motiverte til å syne heimepublikumet vilje til å overleve i 2.divisjon. Jens Cr Andenes har slite med ei skade ei tid, men både han og resten av troppen er klare for "krig".

Einaste laget som ikkje spelar heime denne helga, er jente15 laget.  Dei skal møte Askvoll/Holmedal i Askvoll på søndag.  Jentene til Jostein står så langt utan poeng i kampen om sluttspelplass, men her er tabellen svært jamn så mykje kan enno skje her.  På GHK sitt lag er her mange spanande talent, som med litt meir både samtrening og ikkje minst styrketrening har ei lys handballframtid.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.