Ny fantastisk kamp av damelaget på bortebane

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Mar 2012

Etter den flotte kampen i går med siger over Gneist, var det venta ein langt tøffare kamp i dag mot eit av topplaga, Åsane.  Men var kampen i går god frå GHK si side, var kampen i dag eit fyrverkeri av ei handballopppvisning av handballdamene våre.  Til slutt kunne jentene gå av bana med ein fortjent 35-30 siger.

Desse jentene tok 4 poeng på bortebane i helga.

 

 

 

Etter ein fartsfylt og jevn opning av kampen, der begge lag synte fint spel, klarte GHK å få ei lita leiing.  Men Åsane kjem attende og utliknar og går forbi med eit mål.  Dette er siste gong bydelslaget frå Åsane er i leiinga.  Til stormande jubel frå ein entusiastisk bortesupportergjeng som stadig måtte gni seg i auga for å tru det dei såg, fekk GHK opparbeida seg ei 4 målsleiing til pause.  Eli-Anne er eit råskinn på strek og har ei fantastisk evne til å få tak i ballen før ho nesten uten unntak set den bak målvakta.  Dette, saman med ein superspeleglad gjeng  med venstreslegga til Marthe som eit farleg våpen, gjorde at vi byrja få trua på at dette skulle gå vegen.

I andre omgong rekna vi med at Åsane ville gå ut i hundre, men dei skjøna knapt kva som hende dei første 5 minutta av andre omgong.  Det var våre jenter som "høvla" over vertane og banka 6 baller i nota utan at Åsane skåra.  GHK var oppe i ei 10 målsleiing.  Utover i omgongen fortsette jentene å imponere.  Ei stund var vi 12 mål føre, etter glitrande målvaktsspel av Linn Kristin, tunge skot av Marthe, strekspel i toppklasse av Eli-Anne - dagens toppskårar med 9 mål, ving og straffeskåringar av Hege, fleire vingskåringar av Maria og Irene, fleire flotte mål av spelemotorane Heidi og Celina, kanon forsvarspel av forsvarsjef Torill, samt flott spel både framover og bakover av Elise, Amanda og Malene.  Då er det berre rett og rimeleg at Benedicte kjem inn i mål mot slutten og gjer fleire flotte redningar ho òg.  5 minutt før slutt er vi framleis 10 mål føre og har stålkontroll.  At dei siste 5 minutta vert litt ukonsentrerte frå GHK si side, legg ingen dempar på dagens prestasjon.  Rett og slett ein knallgod gjennomført kamp av damene.   Og når 4 poeng vert med i bagasjen heimatt, var det ein svært glad og nøgd gjeng som sette seg i bussen med kurs mot Gloppen.

Dagens målskårarar var: Eli-Anne(9), Marte(7), Hege(7), Celina(5), Heidi(4), Maria(2), Irene(1)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.