Trillerkamp mellom GHK og Kjøkkelvik

Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Feb 2012

Kveldens kamp i Firdahallen mellom GHK og Kjøkkelvik2 i damene sin 3.divisjon, vart ein kamp med full nerve frå start til slutt.  I dramatiske sluttminutt vart det til slutt poengdeling og 28-28 i målprotokollen.  Stillinga til pause var 14-13 til heimelaget.

Tett og jevnt, heile vegen

GHK kjem best i gang i kampen og er oppe i 10-6 etter halvspela første omgong, etter flotte mål av bl a Celina, Eli-Anne og Bodil og ei susande skåring frå kant av Maria Kleppetaus.  Kjøkkelvik kjem tilbake og på stillinga 11-10 tar Øyvind "timeout" for å minne jentene på at det er kamp.  Laga går i garderoben ved halvtid med ei snau leiing til heimelaget 14-13.

Tett og tøft gjennom heile kampen

Etter pause klarer Kjøkkelvik å snu kampen til sin fordel og er oppe i ei 17-14 leiing tidleg.  I denne perioden har GHK "stang ut".  Men jentene kjem tilbake og utliknar til 17-17 etter 12 min.  Så drar Linn fram ei flott redning og Heidi kontrar til 18-17, før same dame set inn 19-17 på straffe etter 15 min.  Celina skårer også på straffe til 20-18, og Malene til 21-19 etter 18 min.  Eli-Anne frå strek til 22-20, men Kjøkkelvik gir aldri opp og når det er 5 min att av kampen er stillinga 24-24.  Heidi set straffe til 25-24. Kjøkkelvik til 25-25-4 min igjen.  Så aukar Heidi til 26-25 på straffe, før Malene legg på til 27-25 og alle trur at no er sigeren i boks.  Men Kjøkkelvik kjem nok ein gong tilbake og utliknar.  Stillinga er 27-27 med 1,30 att av kampen og underteikna har alarmerande høg puls.  Begge lag skårar ein gong til og kampen endar uavgjort.  Dette var ein kamp heimelaget burde vunne, men Kjøkkelvik hadde mange flotte spelartypar og gav våre jenter kamp til døra og difor var kanskje uavgjort ei rettferdig resulat trass alt.

Desse var med: Linn K Øren, Benedikte Gåsemyr, Heidi Sægrov(8), Malene Støylen(3), Bodil Fjellestad(3), Celina Nordbø(5), Maria Kleppe(1), Eil-Anne Birkelund(5), Marte h Hansen(3), Irene Slagstad og Torill H Gaasø.

Godt med stødige folk i sekretæriatet under slike kampar. Liv og Ole Jonny med full kontroll :-)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.