Siger og tap for jente15 laget mot Askvoll/Holmedal

Postet av Gloppen Handballklubb den 15. Jan 2012

Etter gårsdagens flotte siger i Høyanger, var jentene i dag tilbake i Firdahallen for å møte eit av topplaga i serien, Askvoll/Holmedal, og litt seinare på dag for å møte 2. laget til same klubb.

Solid forsvarsmur, her ved Ingvild, Elin, Elisabeth og Ragnhild.

Første kamp mot det sterkaste A/H laget var ein jevn batalje heile første omgong.  Laga følgde kvarandre mål for mål og fleire GHK jenter teikna seg på skåringslista, bl a Elisabeth V Hansen som hadde fleire fine mål. Til pause leia GHK med 12-11.

Konsentrasjon !!

Andre omgong var også jevn til 10 min var spela. Dei neste 10 min vart kampen avgjort. A/H hadde ein notorisk måltjuv på laget. Sandra Strand slo omtrent GHK åleine.  Ha var vanskeleg å stoppe og enda opp med heile 15 skåringar i kampen.  Her vart rett og slett GHK straffa for personlege feil og vart kontra i senk.  Sluttresultatet vart 18 -25 i favør bortelaget.   Desse var med for GHK i denne kampen: Elisabeth (5), Solgunn, Amalie, Ayla (2), Sunneva (1), Ingvild (3), Eirhild, Benedikte (1), Elin (3), Hanna, Marita (1), Ragnhild (2)

 

Litt seinare på dag var det så klart for kamp mot 2. laget til A/H. Kampen her var også jevn i første omgong.  Vi noterte fleire fine mål frå strek av Amalie, samt fine gjennombrot og skåring av Ayla.  Pauseresultat 9-9.

Ingen grunn til å gøyme ansiktet, Amalie. Du vart toppskårer med 7 mål.

I andre omgong fekk jentene synt litt av det som bur i dei.  Frå avkast og til det var gått 7 min, skåra Amalie, Stine og Elisabeth fleire flotte mål og stillinga var 14-9 til heimelaget.  Vidare utover i omgongen noterte vi ein flott susar av Ayla til 15-10, og eit knallskot av Benedikte til 18-13.  Etter 20 min får GHK straffe som Elisabeth set kontant i mål til 20-17, før Amalie set inn 21-17.  Så kjem Sunneva fint gjennom på kant og skårer til 22-17, før Birte Eilander fastset sluttresultat til 23-17.  Ei flott avslutning på ei travel helg for desse jentene som fekk med seg full pott i 2 av 3 kampar.   I denne siste kampen mangla dei også Ingvild og Elin som vart overflytta til J16 laget og deira kamp.

Desse var med:Solgunn, Amalie (7), Ayla (3), Birte (1), Sunneva (3), Elisabeth (2), Maren, Eirhild (1), Benedikte (1), Hanna, Ragnhild (2), Stine (2).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.