Stang ut for GHK, stang inn for Førde!

Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jan 2012

Topplaget Førde i damene sin 3.divisjon var på besøk i Firdahallen i ettermiddag og slo heimelaget GHK med 29-24, etter at stillinga ved pause var 14-13 til Førde.

Hege, Marte og Eli-Anne måtte sjå at Førde vart for sterke i dagens kamp.

Det var knytta stor spenning til dagens lokaloppgjer i damene sin 3.divisjon.  Heimelaget synte klar formstigning fram mot juleferien, medan Førde har imponert så langt i sesongen med kun 1 avgjeve poeng.  Heimelaget opna kampen i høgt tempo og var tidleg oppe i 4-1 leiing etter feiande flott angrepsspel.  Førde kom tilbake i kampen etterkvart, og gjekk forbi våre jenter med 4-5 mål. Øyvind tok så timeout, og etter det klarte jentene og kome tilbake og ligg kun eit mål bak til pause.

Førde sine damer hadde best kontroll på ballen

Dei første 15 minutta av andre omgong avgjer Førde kampen.  Der GHK skyt stolpe ut, skyt Førde stolpe inn og opparbeider seg ei 10 målsleiing.  Førde gjer rett og slett mindre feil og er svært effektive i angrep. GHK gjev Førdespelarane rom å springe i og klarer heller ikkje å tette luker på strek.  Men jentene våre skal ha for at dei aldri gav opp, og fleire mål av dagens toppskårar Hege R Andenes, gjorde at avstanden til Førde krympa inn noko fram mot sluttsignalet.

Hege gjorde jobben sin med 7 flotte mål

Førde er eit godt lag med fleire "import" spelarar som gjer at dei pr i dag er eit betre lag enn GHK.  I dagens kamp var målvakta Petya Pinceva ein levande vegg, samstundes som Simona Balkan dundra inn 7 mål.

På heimelaget var veteranen (unnskyld,Hege) Hege R Andenes dagens toppskårar, også ho med 7 mål.  Maria Kleppe var òg strålande framover med 5 mål.  Heidi Sægrov, Eli-Anne Birkelund og Marte H Hansen lage 3 mål kvar, medan Bodil Hjelmeseth, Elise H Hansen og Celina Nordbø laga kvart sitt mål.  Bodil Hjelmeseth skada seg i førset omgong og måtte sjå den andre frå sidelinja.  Dette svekka nok heimelaget noko


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.