Ventetida er slutt!! På lørdag er det klart for storkamp i Firdahallen.

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2012

Komande lørdag er det duka for storkamp og lokaloppgjer i damene sin 3.divisjon, når topplaget Førde kjem på besøk og skal måle krefter med dei "topptrimma" damene til Øyvind Indrebø.  Her er det berre å benke seg på tribuna i Firdahallen og glede seg til ein, forhåpentlegvis, sjåverdig og spanande kamp.

Klarer Øyvind å få damene til å kople inn turboen på lørdag?

Men det er fleire GHK lag som skal i elden denne helga.  Dei som får det mest travelt er jente 15 laget.  Dei skal spele heile 3 kampar denne helga.  På laurdag skal dei til Høyanger for å møte heimelaget der.  Eit heimelag som ligg 2 poeng føre på tabellen.  Med full tenning bør ein kunne klare poeng her, men det er ein vanskeleg kamp.  På søndag skal jentene møte Askvoll/Holmedal 1 og 2.  Førstelaget til A/H er eit av topplaga, men heimebane og "full trøkk" i hallen bør vere eit godt utgangspunkt for heimepoeng.  Heimepoeng bør det også bli i kampen mot dei nestbeste frå kystbygda litt seinare på dag.  Ingvild Slagstad & Co får som sagt ei travel helg, men på sitt beste kan desse jentene ta poeng frå alle lag så det vert spanande å sjå kva dei får til.

Jente 16 laget skal møte eit av topplaga i sin serie, då Fjalerlaget Dale kjem på besøk på søndag.  Jentene våre har som kjent vore sterkt plaga av skader i lang tid, og resultata har diverre vore prega av det.  Sjølv om fleire fortsatt slit med å bli heilt friske, er stemninga i laget god og innstillinga søndag er nok å gje Dale kamp til døra, så får tida syne om det er godt nok til 2 kjærkomne poeng.

Gutelaget til GHK tar imot Førde til kamp på søndag.  Dette er eit lag gutane våre bør og skal slå, om dei har ambisjonar om å vinne serien. Òg det veit vi at desse gutane vil.  Her vil nok Torbjørn og Gunnar forklare sine elevar kva som må til for å legge 2 nye poeng i heimesekken.

Ei flott handballhelg bør det iallefall bli for dei som likar denne sporten.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.