VM Manager 2011

Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Des 2011

VM for damer er i gang og konkurransen om heder og ære som beste manager er starta. G16 har dei siste åra hatt ein konkurranse om kven som får til det beste laget på VM Manager på TV2 si nettside. Her er det laga ein privat liga, "Sjedu Cup", som er open for alle, men beste G16 spelar får fin premie. Til no er det 24 lag påmelde i Sjedu Cupen og den som skal vinne dette må treffe godt med formen til sine spelarar.

Etter første runde er det ikkje uventa trenaren til G16 som ligg på topp, men nykomaren Slaggis (Irene) ligg hakk i hel. Vi merker oss også Breimsbygda j10 (Kissner) som har fått ein fin start, og ikkje minst strategen bak laget TEAM ROCKET (Ørjan) som alt no er opp på 5. plass.

I botnen av lista finn vi laget Baljeveir (Ole Martin) som har fått ein litt vanskeleg start, men mykje kan endre seg framover og med små justeringar er ein brått på topp.

Vi ser med spenning fram mot neste runde.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.