G16 Gloppen1 - Gloppen2 21-12

Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Des 2011

I kveld var det lokaloppgjer mellom dei to Gloppelaga. Gloppen2 består berre av 15-åringar medan Gloppen1 er reint 16årslag, så det bør vere litt forskjel på laga. 

16 åringane med brukbar kontroll

15-åringane klarte seg imidlertid veldig godt og heldt lenge følge med G1. Dei hadde berre ein innbytar og vart litt trøtte på slutten, og "gamlegutane" vann komfertabelt til slutt.

Kampen byrja litt slapt frå begge lag, og det vart ein del stolpe ut. Dei som fekk vist seg fram i byrjinga var dei to keeparane. Olav på G2 sto som ein levande vegg i første omgang og var med på å halde laget sitt inne i kampen. På andre sida stod også Daniel godt og det vart lite mål i starten av kampen.

G1 leia 2-0 etter to mål av Vegard, men Gloppen 2 kom tilbake med mål av Mikael og eit flott mål av Sander etter fin bevegalse i angrepet til gutane. 

Etterkvart feste G1 grepet og rykte sakte og sikkert i frå. Dei er eit fysisk sterkare lag og det var vanskeleg for G2 å kome gjennom det bastante forsvaret. G1 klarer også å sette trykk i ankomsten og scorer ein del "lette" mål på denne måten.  

På G2 har vi nemnt Mikael og Sander som spelte godt. I tillegg gjorde Lauritz ein flott kamp frå ving og knalla inn 3 flotte mål.

På G1 var nok Vegard den beste i dag, men Osmund spelte også ein god kamp, men først og fremst er jamnheten på dette laget styrken deira

Gloppen1. Ørjan 5, Vegard 4, Osmund 3, Dag Håkon 2, Kissner 2, Kleppe 2, Evald 1, Åsmund 1, Bendik, Odd Martin og Daniel.

Gloppen2, Mikael 4, Lauritz 3, Sander 3, Erlend 2, Peter, Hans, Magnus og Olav.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.