GHK sitt gutelag gjekk på eit uventa tap for Haugen/Eid
Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Des 2011
GHK sitt gutelag var i dag på nordsida av fjorden og møtte nabo Haugen/Eid. Det enda med tap 15-13, etter at GHK gutane leia 10-9 til pause. Rapportane frå Eid fortel om ein kamp der det meste gjekk gale for gutane våre.
Evald Devik & Co med tap mot Eid |
Sjølv om kampen heile tida var jamn, var spelet til GHK prega av personlege feil i fleng og skyting i "hytt og pine". Men,men, før eller seinare måtte vel desse gutane òg møte veggen i ein kamp. No er det berre å gløyme denne kampen og sjå fram til lokalderby på lørdag melleom GHK og GHK2.
Desse var med i dag: Ørjan (4), Kissner (1), Kleppe (2), Vegard (3), Evald (1), Bendik (1), Osmund (1), Erlend, Daniel, Åsmund, Dag Håkon og Olav.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.