Dobbelkamp både for herrane og K5 damene i helga.

Postet av Gloppen Handballklubb den 24. Nov 2011

Det går mot ei ny heftig helg for fleire GHK lag.  Herrane til Bjørn "sjef" Roth skal til Bergen for dobbelkamp der, medan damene i 5.divisjon skal til Sogn på søndag for to kamper på ein dag. Gutelaget sitt andrelag skal til Førde på laurdag for å møte heimelaget.

Magnus Morritsgård, Hans Sande og straffeskytar Laurits Bjørnereim frå G16 laget, skal måle krefter mot Førde

Herrelaget reiser til Bergen i morgon ettermiddag.  Fredag kveld vert det ei lett trening i Nordneshallen, før vi lørdag morgon set kursen mot Stord for å møte Stord Elite 2.  Stord står framleis utan poeng i årets 2.divisjon etter 7 kampar, men har fleire knepne tap, så GHK karane kan ikkje tillate seg å undervurdere motstandaren i denne kampen.  Men Bjørn har nok ei plan !!! I heimekampen mot dette laget vann GHK 39-30.  Stord kjem forøvrig frå eit 14 målstap mot Viking i siste kamp.

 Spelarane frå Stord og GHK takker kvarandre for kampen i Firdahallen.  No møtast dei på nytt!

Søndag førmiddag skal vi så til Fyllingsdalen og Framohallen for å møte FyllingenBergen2.  Dette er nok i utgangspunktet ein vanskelegare kamp å vinne.  Vi møtte dette laget i første heimekamp i haust i Styrkhallen og tapte der 17-24. No er det tid for revansje.  FyllingenBergen2 ligg 2 poeng føre GHK på tabellen med ein kamp meir spela, så her veit gutane kva det handlar om.  FyllingenBergen tapte heime mot Årstad med 5 mål i siste kamp.

Damelaget har hatt ein flott sesong så langt og ligg heilt oppe på 2.plass på tabellen, kun eit poeng bak Florø.  På søndag skal dei prøve å takle ei tøff utfordring:  Først kamp mot Sogndal2 i Sogndal kl.13.00, før dei skal vere klare til ny kamp i Gaupne Idrettshall mot Bjørn kl. 16.15 .   Her vert nok kanskje den siste kampen den vanskelegaste å vinne, men begge desse laga ligg bak GHK på tabellen så her er det berre å "gutse" til jenter.

Det første GHK laget som skal i elden i helga er 15 åringane på GHK G16 sitt andrelag.  Dei skal møte Førde borte i Førdehuset.  Førde sitt lag er òg stort sett samansett av 15 åringar, så her møter gutane våre jamnaldringar.  Skal vi dømme etter Førde sin heimekamp mot førstelaget vårt (tap 7-26) og GHK2 sin siste heimekamp der dei knuste Årdalstangen med 11 mål, skulle dette vere grei skuring for gutane til Torbjørn. Men no er det slik at kvar handballkamp lever sitt eige liv, så her må ein ikkje tru at poenga kjem av seg sjølv, men kjenner vi "the boss" Erlend rett vil han dra med seg gutane til siger over Førde.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.