G-16 Siger og uavgjort i Sryn

Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Nov 2011

Med storspel i første omgang la Gloppen1 grunnlaget for ein solid seier mot Stryn, medan Gloppen 2 måtte nøye seg med uavgjort.

Vegard Sælen skåra 6 mål mot Stryn

Stryn - Gloppen 1, 24-34 (9-21)

Den perfekte første omgangen.
0-1 frå strek med Erlend etter flott innspel frå Åsmund. Så kom Stryn i angrep og utlikna til 1-1. Neste gang Stryn lagde mål stod det 1-7 på måltavla. I mellomtida hadde våre gutar herja med Stryn. Ankomstspelet sat som spikra, avtalanen gjekk så det grein, med både "Kjell høgre og venstre", Undergang og Prada og kva no alt heiter. Gutane var rett og slett gode og gjorde nesten ikkje feil. Vi lagde mål frå alle posisjonar og hadde stor (og riktig) bevegelse. Slikt blir det mål av og når dommaren bles til pause leia vi med 12 mål 9-21.
Ørjan vart mestskårande med 11 mål

Den vanskelege andre omgangen
I pausa var vi einige om at no skulle vi ikkje miste fokus, men fortsett like strålande som i første. Det viser seg gang på gang at sjølv om ein har bestemt seg er det vanskeleg å halde konsentrasjonen oppe når kampen i realiteten er avgjort. Vi spelte oss framleis til gode sjangsar, men avslutningane gjekk enten rett på keeper eller utanfor. Dette greidde Stryn og utnytte, og med to kjappe spelarar rusha dei inn mål i andre enden etterkvart som vi bomma. På den måten tapte vi andre omgangen med 2 mål og sluttresultatet vart 24-34.

Men vi får ta med oss det positive frå kampen. Den førsteomgangen som gutane leverte er det beste trenaren har sett nokon gong frå denne gjengen. Greier vi å halde dette nivået utover sesongen vert vi vankelege å slå. Samtlege spelarar kom idag på scoringslista. Ørjan kom til slutt opp i 11 mål og vart toppscorar. Halvparten av dei kom frå strek og den guten beherskar alle posisjonar. Åsmund Sælen var veldig god som midtspelar og styrer det meste framover. Godt overblikk og gode val set stadig medspelarane i gode posisjonar. 

Vi gledar oss til framhaldet.

Desse var med: Ørjan 11, Vegard 6, Evald 4, Dag Håkon 3, Erlend 3, Åsmund 2, Kleppe, 2, Osmund 2, Kisner 1, Daniel i mål.




Stryn - Gloppen2,  21-21 (12-13)

Det vart ein jamn og spenande kamp mellom 96ane og Stryn. Stryn tok tidleg kommandoen og dei hadde eit og to mål forsprang gjennom omgangen. Dette var ein kamp der begge lag var litt for "snilde" og det vart ikkje skikkeleg trøkk over det. Anders Eikenæs på Stryn fekk knalle inn ein del mål frå distanse utan at vi klarte å kome ut på han, men vi greidde bra å utnytte det litt offensive forsvaret til Stryn. Det vart etterkvart god plass på linja for Magnus som spelte ein strålande kamp på streken.
Mikael Alander har verkeleg tatt steget som bakspelar (arkivbilde)

Mikael er verkeleg byrja å få dreis på skotarmen sin og når han kombinerer den med fintene sine vert han vanskeleg å stoppe. Når vi og nemner Hans som spelt ein knallbra første omgang skjønar dei fleste at det gror godt i GHK. Til pause låg vi bak med eit mål og hadde absolutt heng.
Hans Sande med 5 flotte mål i dag (arkivbilde)

Andreomgangen vart ein skikkeleg nervetriller. Laga følgde kvarandre som skuggar, med Stryn føre store deler av omgangen. Olav Osnes Devik stod godt i mål og fotrappe Kristian Henden spelte strålande bakover og berga oss fleire gonger med gode returløp. Når kampen gekk inn i sluttfasen var stillinga 20-20. Med 30 sekund att gjekk vi opp i leiing 21-20 og hadde håp om å ro det i land. Når tavla viste 7 sek. att kom langskotet frå Anders Eikenæs som smatt inn i lengste hjørnet for keeper, og 21-21. 

Surt å tape slik i sluttsekunda, men det er ofte slik det er i handball. Kampen sett under ett var uavgjort eit greit resultat mellom to flotte lag med mange talenfulle handballspelarar.

Desse var med: Mikael 7, Hans 5, Erlend 4, Magnus 4, Kleppe 1, Lauritz, Sander, Kristian, Peter og Olav i mål.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.