Tap også i siste Bringkvallikkamp.

Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Okt 2011

GHK G16 Bringlag tapte siste kampen i Bringkvalliken i dag med siffera 18-25 for Årstad.  Kampen var utan betydning for for gutane våre, og bar vel preg av det.  I første omgong klarte gutane, i tredje kamp på rad, kun å skåre 4 mål.  Stillinga til pause var 4-11. 

Bakover fungerte det bra, men svikta framover.  I andre omgong spelar ein uavgjort.  Kanskje sit det ein del i hovudet, men det er nok urettferdig å forvente at GHK skal klare å slå lag som trenar handball heile året og som har dette som sin einast idrett.  Nivået på lag frå Oslo og Bergen regionen er skyhøgt og sånn sett er dette ei viktig erfaring å ta med seg for desse spelarane vidare.  No har ein sett kor nivået ligg på dei beste 16 årslaga i landet, og det er klart at sjølv om ein samlar dei beste 15 og 16 åringane her i fylket til eit lag er det framleis eit stykke fram og opp.  Skal ein nå opp på eit høgare nivå må nok også vi drive handball som heilårsidrett og ha ubegrensa tilgong til halltid.  Vi må nok også starte skuleringa av spelarane med kvalifiserte trenara på eit langt tidlegare nivå/alder enn i dag.  Men det vert ein anna diskusjon.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.