Støttespelarane våre er utruleg viktige for oss, så stikk innom og handle det du treng lokalt, og gje di støtte tilbake!
Tusen takk til Eid handball for initiativet og invitasjonen. Dette gjer vi gjerne igjen!
Vi søker etter ein engasjert trenar som kan gje seniordamene i 3. divisjon eit løft, og bidra til vidareutvikling av det gode handballmiljøet i klubben. Du er opptatt av spelarutvikling, og gir god rettleiing.
Laget har treningane sine i Trivselshallen, med svært gode fasilitetar.
Kompetanse:
- Trenarkurs handball, eller anna relevant erfaring
Søknadsfrist: Snarast
Ta kontakt med leiar, for meir informasjon.
Ole Marius Gloppestad, telefon: 466 88 989
e-post: gloppen@rvn.handball.no
Vi håpar å høyre frå deg, og tar gjerne ein uformell prat og svarar på spørsmåla dine.
]]>Spelarar vil kome rundt om i bygda med loddbøker :) Sjå alle dei flotte vinstane vi har fått inn vedlagt.
Velkomne til basar!
]]>Vi er stolte
https://www.handball.no/…/nyheter_r…/2018/11/bylag-jg-2003/…
]]>Nærare 100 aktive og passive medlemar kosa seg med deilig pizza og drikke. I eit par timar var det rom for underhalding- utdeling av prisar til spelarar og oppmerksomhet til alle som hjelper til for at GHK skal kunne halde på med handball.
Gjennom sesongen er det blitt spelt mange handballkampar, reist på bortekampar og det er blitt lagt ned mange treningstimar i Trivselshallen. Det er ikkje alltid ein er like fornøgd med resultata, men det er kanskje ikkje det ein hugsar best likevel. Det at ein har det moro ilag er viktig. Arvid Gimmestad holdt eit fint innlegg på årsfesten, der han fokuserar på at handball er for alle og handball skal vere kjekt!! Det ønskjer vi at spelarane i Gloppen handballklubb også tykkjer!
Til slutt vil vi takke alle som har bidrege til klubben på ein eller anna måte gjennom handballsesongen. Vi takkar også alle sponsorane våre for deira bidrag.
Vi gler oss til ny sesong.
HEIA GHK!!
Lukke til i jobben:)
]]>GHK har inngått avtale med Øyvind Fougli Vraalsen som trenar for damelaget vårt i sesongen 2018-2019
Vraalsen kjem frå Lørenskog og starta trenerkarriera si i Fjellhammer når han var 12 år og har trena ulike jente- og gutelag.
I sine 6 år i Sogndal, frå 2011, har han vore trenar for aldersbestemt og seniorlag- i tillegg å ha vore sportslig ansvarlig i handballgruppa i 4 år. For tida arbeider han på Firda VGS og har ein bachelorgrad idrett og master i idrettsvitenskap retta mot handball. Øyvind er også aktiv spelar og har spelt for både Fjellhammer, Vestli, Sogndal og spelar no på Gloppen sitt herrelag.
Vi er glade for å få Øyvind med laget og ønskjer han lukke til med trenarjobben
]]>Kampen starta jamnt, med GHK som det leiande laget. Forsvaret satt frå fyrste stund og bergensarane fekk det tøft. Etter 23 minutt tok dei timeout på stillinga 7-4. Dette såg ut til å hjelpe, for tre minutt seinare var stillinga 7-6, og GHK tok timeout. Til pause var stillinga 8-7 - ein veldig målfattig fyrste omgang, med andre ord.
Tre og eit halvt minutt ut i andre omgang var Åsane i leiinga for fyrste gong i kampen. GHK tok seg saman og etter halvspela omgang var dei oppe i 16-13. Så trua Åsane på nytt, for fem minutt seinare var stillinga 17-17. Det vart ei uhyre spennande avslutning på kampen. Frå 17-17 vart det 18-18, trass i to minutt med ein mann mindre på bana.
Med få minutt att skåra GHK, og heldigvis klarte dei å kjempe dei siste sekunda i forsvar, før dei kunne sleppe jubelen laus. Kampen enda 19-18.
Det er ingen tvil om at dagens kamp vart vunne i forsvar. Veldig gledeleg etter litt varierande prestasjonar dei siste kampane. Framover utmerka særleg Vegard Moritsgård Flatjord seg, med sine åtte mål.
Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Dusan Vasiljevic, Vetle Ottesen, Runar Gåsemyr (2), Bjørn Magnus Nystad (1), Vegard Sælen (1), Andreas Nyhagen Hole, Tarjei Bjørkum Vereide (4), Hans Sande, Ørjan Sundal (3), Vegard Moritsgård Flatjord (8), Magnus Ødven, Erlend Ulvestad.
]]>GHK-laget er mykje det same som fjordårssesongen, med nokre endringar. Andreas Nyhagen Hole og Vegard Flatjord er tilbake i den raude drakta, i tillegg til at det er fleire unge spelarar som held eit godt nivå og dermed vil få prøve seg på seniornivå denne sesongen. I kampen i dag var det heile tre spelarar som fekk sin fyrste offisielle herrekamp; Erik Koopmans (målvakt), Magnus Ødven og Kjell Runar Horvli. Alle tre fekk speletid og viste seg fint fram.
Sjølve kampen vart underhaldande for dei frammøtte. GHK hadde relativt god kontroll heilt frå starten, og leiinga auka gjennom heile kampen. Til pause var stillinga 16-9, mykje takka vere ein veldig god Paul Remi Kvandal i målet. Han vart òg kåra til den beste spelaren i kampen.
Etter kvilen gav Viking 2 litt opp etter kvart. GHK auka leiinga og vann til slutt 35-22 og fekk med det ein veldig god start på sesongen.
I tillegg til nye spelarar, debutantar og ei god målvakt var det mest gledelege med kampen at alle utespelarane teikna seg på skåringslista. Det lovar godt! Flest mål hadde Ørjan Sundal med sine åtte.
Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Erik Koopmans, Vetle Ottesen (4), Osmund Vereide (2), Runar Gåsemyr (6), Edvin Øygard (1), Bjørn Manus Nystad (1), Magnus Ødven (1), Vegard Flatjord (5), Tarjei Vereide (5), Andreas Nyhangen Hole (1), Kjell Runar Horvli (1), Ørjan Sundal (8).
]]>På gutesida er det kalla inn heile fire spelarar. Desse er: Elias Gloppestad Solberg, Jonas Arnestad, Mathias Lothe og Markus Berle Fjellestad.
På jentesida er det kalla inn to spelarar: Emma Lothe og Anna Fjellestad.
Vi gratulerar med innkalling og ynskjer lukke til, samstundes som vi jublar litt for framtida til klubben!
Heia GHK!
]]>Tradisjon tru blei det delt ut ei rekkje prisar. Blandt anna fekk Tarjei Bjørkum Vereide prisen for årets spelar og Kjell Aske blei kåra til årets trenar i klubben. Spelarar for kvart av laga fekk utdelt innsatspris. Toppskårar for seniorlaga våre vart Heidi Marie Sægrov med 99 mål og Edvin Øygard med 82 mål.
Tusen takk til Norunn Sunde for jobbe du har gjort for klubben og velkommen til Geir Liavåg Strand som ny leiar i GHK.
Takk til alle som har kome med kaker og gevinstar, og ei spesiell takk til Magne Devik som leia basaren på ein framifrå måte! Takk og til alle spelarane som har selt lodd rundt i bygdene våre. De har selt lodd for om lag 55 000 kr!
Totalt innsamla beløp er 68 590 kr. Dette er litt mindre enn i fjor, men oppmøtet på basaren var tilsvarande mindre også. Hadde gymsalen i Runnevang vore full hadde vi kanskje passert fjoråret.
Vinner av hovudgevinsten frå KA-Bygg vart Anette Støyva – Gratulerer!
Vi vil takke alle som støtta GHK med gevinstar til hovudlotteri og til basaren: KA-Bygg, Sveisen Frisør, REMA 1000, Gloppen kommune - Trivselshagen, SFE, Wagner, Din Frisør, Accontour, Glassikring, Lyslo foto, Aagård sko, Sandane omtrekking, Trucknor, Leiv Austrheim, Sandane tekstil og interiør, Ellinors hudpleie, G-sport, Pikant frisør, Sandane gullsmed, Glassmagasinet, Trebohus, Datainstituttet, Vereide blomster, Møbelringen, Luggen, Daiva, Tystad blomster, Vestoptikk, Bano, Auto-senteret, Fargerike, Chatlet, Nille, Sparebanken Sogn og Fjordane m.fl.
Ann-Kristin Hovstad, Økonominemnda i GHK
]]>