Handballskulen i vinterferien var ein suksess

Postet av Inger Lise Vereide den 23. Feb 2024

For ein flott gjeng! Dei første dagane av vinterferien har nærare 70 engasjerte born boltra seg i Trivselshallen på Rema 1000 handballskule. Det har vore stor aktivitet, mykje meistring og treningsglede å sjå. 

GHK er takknemlig for alle dei dyktige og tålmodige instruktørane og medhjelparane som var med på å gjere handballskulen til ein suksess. Takk til elevar frå idrettslinja ved Firda vgs, GHK sine eigne spelarar, tillitsvalde og andre handballvenner som stilte på med ei hjelpande hand. 

Dette er eit viktig initiativ for rekrutteringa til handballen i Gloppen, og handballskulen kunne ikkje blitt arrangert utan desse viktige bidraga.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.