Strålande laurdag!
Postet av Inger Lise Vereide den 22. Sep 2024
For første gong stilte GHK med eigen stand under matamål, for å vise oss fram og forhåpentligvis rekruttere nye, framtidige handballstjerner! Vi hadde med oss mykje moro og aktivitetar for både små og store.
Noko av det som trakk mest folk, var utvilsomt "kraftprøven" der ein kunne teste skotfarten sin. Det var mykje folk og god stemning, og mange måtte prøve nokre gonger før dei var fornøgde.
Vi hadde også med oss eit knippe drakter frå både før og no, nostalgisk GHK-kassett med gode gamle hits, og andre rekvisittar for å vise oss fram. Det var også mogleg å kjøpe årskort og støttemedlemskap i klubben.
Det var skikkelig god stemning på standen, og når ei rekke av spelarane våre kom innom og demonstrerte skotteknikk og anna, vart det store auge blant dei minste besøkande. Til stor inspirasjon!
Vi hadde ein del aktivitetar, og under finn de vinnarane i dei respektive klassene.
Her er vinnarane av dei ulike konkurransane:
Fartsmålar - skot mot mål:
Gruppe 1, (0-10 år):
- Synne Heggheim (drikkeflaske)
- Sigrid Lillebø Vedvik (drikkeflaske)
- Ola Hugvik (drikkeflaske)
- William Austrheim (drikkeflaske)
Gruppe 2, (11-15 år):
- Matheo Brekke (sportssokkar)
- Nora Lundestad (drikkeflaske)
Gruppe 3, 16+ år
- Jonas Emanuel Lindi (gåvekort på Intersport)
Handball-QUIZ:
- Marie Hjelmeset (gåvekort på Intersport)
Tusen takk til alle som var innom oss! Dette var ein første gong, men heilt klart ikkje den siste. Vi har allerie ei rekke gode idear å ta med oss til neste høve.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.