Strålande kjekk basar i Gimle

Postet av Inger Lise Vereide den 28. Mar 2025

Søndag 23. mars var ein strålande fin dag på alle måtar. Sola skein både utandørs og inne i Gimle. Det var utruleg kjekt at so mange møtte opp til basar, trass i vårsola som viste seg frå si beste side.

Med fullt hus og stormande jubel gjekk det i høgt tempo både på kjøkkenet, under åresala, lotteriet og ved trekking av vinnarar. Alle fekk både mat og drikke, og ikkje minst eit stort utval kaker. 

Tusen takk til alle som bidrog til at basaren vart ein suksess! Vi er utruleg takknemlige for innsatsen, og for alle dei flotte vinstane vi fekk inn. GHK er ein dugnadsdriven klubb, og når alle jobbar saman får vi til det meste! Overskotet frå basaren kjem godt med i drifta av klubben, og basar freistar til gjentaking!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.