Siger i naboduellen!

Postet av Herrar 3.div den 1. Nov 2015

Dette var nok kampen mange hadde venta på. GHK mot Eid i herrane sin 3.divisjon. Det ligg mykje ære i ein slik naboduell, og ingen av laga vil tape.

Sjølv om spelarane virka tende og klare til kamp, vart det ein kamp prega av mykje rot. Laget frå Eid har nok ein del høgare snittalder og litt meir rutine enn det unge GHK-laget. Dette førte til at Eid drog ned tempoet så godt dei kunne, og laga følgde kvarandre tett ei stund. GHK sette opp tempoet litt mot slutten av den fyrste omgangen og gjekk difor til pause med ei leiing på 15-12.

Den andre omgangen gav dei mange frammøtte litt meir tempo. GHK seig ifrå Eid og leiinga auka gjennom store delar av omgangen. Det auka tempoet førte til at Eid ikkje heilt klarte å henge med i alle duellar, noko som resulterte i heile sju utvisingar.

Sjølv om dette kanskje ikkje var den mest velspela kampen GHK har spelt denne sesongen viste dei likevel fram mykje godt spel. Unggutane Runar Hellerud, Eirik Hovstad og Marius Moritsgård fekk vist seg fint fram og dei meir rutinerte spelarane viste gode takter og fint spel.

Då dommaren bles av lyste tavla 30-26 i favør GHK, etter ein liten sluttspurt av Eid. Osmund Vereide vart kåra til GHK sin beste spelar og Ørjan Sundal vart toppskårar med sine seks mål.

Ekstra kjekt på ein slik kamp er det når så mange møter opp for å støtte karane våre. Ein ekstra takk til alle som nytta søndagen til å heie fram nok ein siger, og dermed framleis tabelltopp for GHK. Det set nok spelarane stor pris på!

Desse var med i dag: Paul Remi Kvandal, Bjørn Magnus Nystad, Vegard Sælen (4),Marius Moritsgård (2), Preben Indrebø (2), Eirik Hovstad, Runar Hellrud (3), Runar Gåsemyr (1), Sindre Moritsgård Flatjord (2), Ørjan Sundal (6), Erlend Ulvestad, Mikael Alander (3), Jon Andreas Kornberg (2), Osmund Vereide (5).


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.