Ny flott helg for GHK J14!

Postet av Jenter 16 den 24. Okt 2015

Eg har sagt det mange gongar før, men seier det gjerne igjen. Å vere i lagsapparatet rundt J14 laga våre er ein fornøyelse. Her har vi 20 kjekke og blide jenter som i tillegg er veldig gode til å spele handball.
I dag skulle vi møte EId og Eid 2. Dette er to lag vi har hatt mange tette og jevne oppgjer med dei siste åra, og nervane låg derfor tjukt utanpå både trenarar og spelarar før kampane starta.

Eidarane har i år gått ilag med Haugen og delt laga inn i to like gode lag. Mao mykje likt det vi har gjort.
Fyrst ut i dag var Gloppen 2 mot Eid 1. På tross av at Eid scora kampens fyrste mål, kom vi godt i gang. Vi jobba godt i forsvaret og Oda Lothe stod godt i målet. Eidarane sleit med å få ballen i mål, samtidig med at vi scora jevnt og trutt. Vi opparbeidde oss etterkvart ei betryggande leiing, og skuldrane kunne senkast noko. Vi har lenge prøvd å få inn fart i kontring og ankomstfasen i angrep, og det er veldig kjekt å sjå at det er begynt å bli resultat av dette arbeidet. Heile sju spelarar teikna seg på scoringslista i denne kampen som enda med 21-9 seier til Gloppen 2.

Gloppen 2 har sikra seieren.







Kampen mellom Gloppen og Eid 2 var mykje lik kamp nr 1. Godt keeper og forsvarspel i kombinasjon med godt kontringspel gav oss tidleg ei forholdsvis trygg leiing. Vi kontrollerte kampen ut, og kunne tilslutt gå av bana med 14-8 seier.

Med det har vi fått ein knallstart på sesongen med 6 poeng til Gloppen 2 og 5 poeng til Gloppen etter tre kampar spelt. Mange av jentene har tatt eit stort steg vidare, og det er ei fin atmosfære og stemning kring laga. Dette lovar godt. :-)


Jublande Gloppen 1 jenter etter ein flott kamp.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.