Sesongavkast for spelarar og trenarar i GHK!

Sesongavkast for spelarar og trenarar i GHK!


Tid


VELKOMNE TIL SESONGAVKAST!

Vi håpar alle spelarar, trenarar og lagleiarar er klare til å sparke i gang handballsesongen med god energi, samhald og treningsglede! 💙💪

Fredag samlar vi heile handballfamilien i GHK til ei økt fylt med inspirasjon, aktivitet og sosialt samvær - alt i skikkelig god GHK ånd!

🔹 kl. 17:00 Motivasjonsforedrag m/June Andenæs

🔹 kl. 17:30 Felles treningsøkt

🔹 kl. 19:00 Kort informasjonsdel om det å vere ein GHK'ar

🔹 kl. 19:15 Pizza og salat til alle ��

Dette skal vere ein ettermiddag og kveld der vi legg til rette for dei rette verdiane, treningsgleda og lagkjensla. #stoltGHKar

Vi ønsker at alle spelarane stiller, og dersom ein IKKJE har høve å vere med, så må ein melde tilbake om det. Vi har signalisert til pizzabakarane at alle kjem. 😉 Gå til Facebook-gruppa til laget ditt, og trykk "SKAL" på arrangementet, slik at vi kan gje endeleg tilbakemelding om antall. FRIST: Tysdag 09.09 ved midnatt.

Vi gler oss til å samlast, og vi gler oss til MASSE god handball gjennom sesongen! VELKOMNE til ei kjekk opning av sesongen! 🤩


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.