Serieleiaren inga hindring for damene våre!

Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2016

Damelaget har den siste tida vore inne i ein litt svakare periode. Under kampen mot Florø viste dei at dei var på veg oppatt, sjølv om det enda med eit surt tomålstap. I dag var det serieleiar Fyllingen 2 som sto på motsett banehalvdel. Ei stor oppgåve, utan tvil.

Gloppedamene fekk ein "flying start", bokstavleg tala. Heidi Sægrov hoppa fint gjennom og skåra kampens fyrste mål på ein flott flygar. Då var standarden sett. Etter ni minutt såg Fyllingen seg nødt til å ta timeout. Då var stillinga 6-1 til GHK! Og det skulle ta over 12 minutt før Fyllingen fekk sitt andre mål i kampen. Forsvaret satt og målvakt Linn Kristin Øren hadde ein god dag mellom stengene.

Med ca. fem minutt att av den fyrste omgangen var Fyllingen oppe på 10-8, men når laga gjekk til pause var GHK i føringa med 13-9. Til stor glede og entusiasme frå dei frammøtte.

Den andre omgangen var ikkje like sterk som den fyrste, men gjestane kom aldri nærare enn tre mål bak. Etter 20 minutt tok Fyllingen timeout att, denne gongen på stillinga 19-16. Men også denne gongen til lita nytte. To minutt etter var GHK oppe i 21-16, og trass i litt rot i sluttminutta sikra damene sigeren med sifra 24-21. Og lite er kjekkare enn å vinne ein kamp, på overbevisande vis, som "ingen" heilt turde å håpe på siger i!

I ein kamp der fleire var gode og laget stod fram som samkøyrde og samansveisa var Heidi Sægrov kåra til GHK sin beste spelar for dagen. Ho skårar sju mål og skapar ein tryggleik for heile laget.

Desse var med på dagens siger: Linn Kristin Øren, Siri Opheim, Lena Fossen (1), Ingunn Tennebø (2), Ingeborg Aasebø, Ingrid Gimmestad, Irene Slagstad (4), Amanda Veiteberg (4), Guro Tennefoss, Marte Sunde Hjelle, Hege Roth-Andenæs (2), Ingvild Slagstad (4), Lea Marie Glomnes, Heidi Sægrov (7).

Neste helg ventar BSI og Sotra 2 på bortebane i Bergen. Då vert det spennande å sjå kva damene kan få til!

Heia GHK!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.