Avslutningsfest i GHK
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Apr 2014
I kveld var handballfamilien i GHK samla til avslutningsmarkering på Gloppen Hotell. Rundt 50 aktive, trenarar, oppmenn, tillitsvalde og sportsleg utval var samla rundt borda. Pizza og brus gjekk ned på høgkant, før det var tid for utdeling av ulike prisar og premiar.
Årets trenar Torbjørn Sælen, og innsatsprisvinnar på G16 laget Marius Moritsgård.
Det var mange som fekk velfortjent ros under kveldens markering. Pokalen til årets spelar på A laget gjekk til Ragnhild Ryssdal og Ørjan Sundal. Toppskårarprisen gjekk også til desse to. Ragnhild med 108 mål i damene sin 3.divisjon. Ho var også toppskårar totalt i divisjonen. Ørjan stoppa på 105 mål i herrane sin 3.divisjon. Han enda på 3. plass totalt i denne divisjonen.
Kveldens prisvinnara som var frammøtte: Frå venstre, Bjørn Roth Andenes, Ørjan Sundal, Irene Slagstad, Sander Nesdal, Ragnhild Ryssdal, Håvard Kjønås, Marius Moritsgård og Torbjørn Sælen.
Innsatsprisen (trenaren sin pris) gjekk til følgande: Damelaget i 3.div- Irene Slagstad.
Innsatsprisvinnar damelag: Irene Slagstad, her med trenar Geert Brinkman
Innsatspris damelag 4.div: Ingeborg Volle. Innsatspris jentelag: Solgunn Reed Lote. Innsatspris gutelag: Marius Moritsgård. Innsatspris G18: Håvard Kjønås. Innsatspris herrelag: Sander Nesdal.
Årets trenar vart Torbjørn Sælen for sitt glimrande arbeid med gutelaget.
Premie for 50 A lagskampar for GHK: Torill Henden Gaasø, Karoline Førde Oppheim og Benedikte Gåsemyr.
Ellers fekk Bjørn Roth Andenes blomster og ståande applaus for sitt lange trenararbeid i klubben.
Siste SUM samling denne sesongen
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Apr 2014
Preben Indrebø til regionslagssamling
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Apr 2014
Årsmeldinga er no lagt ut
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Apr 2014
Øystein Sundal held fram som leiar i GHK
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Apr 2014
I kveld var det årsmøte i GHK. Øystein Sundal held fram som leiar, og med seg i det nye styret får han Knut Roger Nesdal, Jonas Alander, Helene Horne Sundal, Norunn Sunde og Eli Glomnes.
Desse 4 vart takka av for framifrå innsats i kveld. Sølvi Holme Sælen har vore leiar i økonominemnda, medan Ellen Skibenes, Bjørn Kåre Eikenes og Ingrid Heien går ut av styret.
Ellers vart årsmelding, rekneskap, og budsjett godkjent utan større merknadar. Valnemnda hadde gjort eit godt arbeid, og utanom det nye styret vart følgande valt inn i økonominemnda: Merete Sælen, Magne Devik, Knut Førde, Anvor Hauge og Grete Liv Tisthammer. Ny valnemn er Hege Kristin Andenes, Ingrid Gimmestad og Magni Vereide Kroken. Den fyldige årsmeldinga vert lagt ut via heimesida seinare i kveld.
Årsmøte i GHK
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Apr 2014
Uavgjort i siste sekund
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014
Det var dramatikk til tusen då damelaget berga uavgjort med eit direkte frikast etter at sluttsignalet var gått. Amanda Veiteberg skåra til 20-20, og damelaget er klar for nok ein sesong i 3.divisjon til hausten. Ragnhild Ryssdal vart heimelaget sin toppskårar med 9 mål.
Glade damer etter utlikning i siste sekund, Ragnhild og Amanda
I ein heller tam kamp, var det heimelaget som var det førande laget i første omgong og dei kunne gå til pause med ei sikker 15-10 leiing. Men i andre omgong stokka det meste seg framover, og Os kom opp i ryggen og gjekk forbi i målprotokollen. I siste sekund fekk GHK frikast, og utruleg nok klarte Amanda Veiteberg å finne luka ho trengde og berga det eine poenget. Det betyr at GHK endar på 6 plass i årets 3.divisjon, og er på trygg grunn.
Desse var med: Rita, Irene(2), Elise(1), Ragnhild(9), Elisabeth, Ingvild(1), Guro, Amalie, Karoline(2), Torill(1), Amanda(4), Solgunn og Eli Kristin.
Høgdramatisk då 16-årsgutane slo Stryn i dag
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014
I dag vart det så spennande og dramatisk som berre handball kan vere, då gutane våre slo Stryn i Regionsluttspelet. Sluttresultatet vart 19-18 til våre gutar etter at Ole Kristoffer redda straffe i siste sekund. Puh!!
Nøgde gutar og trenar etter siger mot Stryn
Men før dette klimakset av ein handballkamp hadde vi møtt vinnarane av Hordalandsavdelinga dagen før.Flott handballhelg i Trivselshallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014
Då er årets regionssluttspel og kampen om fylkestittelen over, og det er grunn til å takke alle som på ein eller anna måte bidrog til eit kjempeflott arrangement. Frå alle kantar strøymer det på med positive tilbakemeldingar på anlegg og gjennomføring av sluttspelet. Takk igjen til alle!!! Frå facebooksida til NHF Region Vest fann vi følgande:
Vi takker for Gloppen Handball for et fantastisk arrangement i Trivselshagen!
Et prikkfritt Regions- og Fylkesmesterskap i fantastiske rammer her i Sandane!
Sindre Flatjord fekk talentprisen for februar
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014
GHK sin sentrale spelar på årets 16 års lag for gutar, Sindre Flatjord, vart før kampen mot Stryn i dag heidra med talentprisen for februar. At det var særs fortjent synte han i dagens kamp. Makan til spel på dette nivået skal vi leite ei stund etter. Talentprisen er ellers eit samarbeidsprosjekt med ein av våre hovudsponsorar, Sparebanken Sogn og Fjordane. Vi gratulerer Sindre med prisen.
Preben Indrebø årets talent i GHK
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Apr 2014
Preben Indrebø vart i dag kåra til årets talent i GHK. Preben har utvikla seg på ein svært positiv måte denne sesongen. Han er ein sentral spelar for G16 laget, noko han også synte i bronsefinalen mot Stryn i regionssluttspelet i dag. Preben er og fast på Gloppen sitt herreleg, der han har skåra mange flotte mål frå strek. I tillegg har han også vore ein sentral spelar på G18 laget. Han har gjennom sesongen synt at han vil noko med handballen, og han er ein særs verdig vinnar av denne prisen. Vi gratulerer Preben med prisen og ynskjer lukke til med neste sesong.
Tap for gutelaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Apr 2014
Bilder frå Trivselshallen
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Apr 2014
Tap for damelaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Apr 2014
Sesongavslutning for damelaget i 3.divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Apr 2014
Komande helg skal vårt gode damelag i 3.div avslutte sesongen med 2 heimekampar i Trivselshallen. På lørdag møter dei det suverene leiarlaget Fyllingen 2, medan dei søndag er vertskap for Os 2.
Alle desse tre er klare for kamp, Elise, Amanda og Ragnhild
Årets 3.divisjon er enno ein svært open og uavklara divisjon i høve opp- og nedrykk. Det er heilt avhengig av opp- og nedrykk i 1. og 2. divisjon. GHK kan enno klare opprykk, dei kan hamne midt på tabellen, og dei kan i ytterste fall måtte spele kvallik om å halde plassen i 3.divisjon. På lørdag møter ein altso Fyllingen 2. Eit lag som enno ikkje har avgjeve poeng i årets serie. I utgongspunktet ei svært vanskeleg oppgåve. Det som gjev ein liten grunn til optimisme, er at GHK stiller med sitt beste mannskap, og har trena godt i det siste. Dessutan vann ein over NHHI i siste heimekamp, og synte mykje bra spel der.
Søndagens kamp mot Os 2 bør vere ei overkomeleg oppgåve, og kanskje ein nøkkelkamp for å unngå å måtte spele kvalifisering. Her trur vi Irene Slagstad & co vil gje publikum og seg sjølve ei feiande flott avslutning på ein lang sesong. Fest setebelta, folkens:)
Sluttspelet godt i gong!
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Apr 2014
Då er årets regionssluttspel og kampen om fylkestittelen godt i gong. Kampane så langt har synt, til tider, stor nivåskildnad på laga frå dei to fylka. Hordalandslaga har vunne fleire kampar med til dels store siffer. Men stemninga i hallen er god, og arrangementet går så langt på skinner. Akkurat no spelar GHK sitt gutelag mot Gneist.
Siger over Kjøkkelvik!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 30. Mar 2014
GHK sitt herrelag sette i dag eit verdig punktum for sesongen då dei slo Kjøkkelvik 2 32-29 på heimebane i Firdahallen. I ein god og underhaldane kamp mellom to gode lag, var det også GHK som leia til pause med 19-15.
Fornøgd gjeng etter kampen.
Anført av ein opplagt Hans Sande gjekk GHK rett i strupen på Kjøkkelvik. Hans banka inn dei 3 første måla i kampen, og dermed var standaren for dagen sett. Sjølv om laga følgde kvarandre utover i omgongen, var aldri Kjøkkelvik aldri oppe på uavgjort eller føre i målprotokollen. Vegard Sælen traff endeleg frå distanse og då slit keeper hos motstander. Hans Sande fortset med glitrande skyting, og vert òg kåra til dagens spelar på heimelaget.
Dagens mann på heimelaget, Hans Sande
Fram mot pause drar GHK litt frå og leiar med 4 mål halvveges. Andre omgong er mykje lik første. Sjølv om det av og til "kladder" litt for gutane våre, er dei heile vegen mellom 2 og 5 mål føre. Runar Helland Åmot får fart på turboen sin og prikkar inn 6 mål etterkvart, samstundes som Ørjan Sundal set alle straffer og skårar 4 frå strek. Åsmund Sælen er drivane god som midtspelar, og når han må ut gjer Mikael Alander ein flott innsats. Og ikkje minst i dag, bakerst står to drivande gode keepera i dag. Både Daniel og Paul Rune har mange flotte og avgjerande redningar når det buttar litt imot. Alt i alt ei strålande avslutning på sesongen, og nok ein gong eit døme på kor gode denne gjengen er. Om ein ikkje hadde reservert seg mot opprykk, hadde denne gjengen i dag vore klare for 2.div neste år. Det står det respekt av.
Her er dagens menn: Daniel H Reed, Paul Remi Kvandal, Ørjan Sundal(8), Runar Helland Åmot(6), Vegard Sælen(6), Åsmund Sælen(3), Lauritz Bjørnereim, Osmund Vereide, Mikael Alander(1), Andreas Kissner(1), Hans Sande(7), Håvard Kjønås.
Endeleg!
Postet av Gloppen Handballklubb den 29. Mar 2014
Sesongavslutning for jentelaget og herrelaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 27. Mar 2014
Komande helg skal jentelaget og herrelaget avslutte årets sesong med heimekampar i Firdahallen. Jentelaget møter Jotun/Årdalstangen på lørdag, medan herrelaget i 3.div møter Kjøkkelvik 2 på søndag.
Det har diverre gått litt "stang ut" for GHK sitt jentelag denne sesongen. Sjølv om dei til tider har spela god handball, har dei slite med å avgjere kampane til sin fordel. No møter dei laget som ligg på 3. plass på tabellen, Jotun/Årdalstangen. På ein god dag er det absolutt mogleg å ta poeng i denne kampen. Men då må jentene tru på det sjølve, og legge respekten att i garderoben. Om dei samstundes har fokus på eige passningsspel, har vi trua:)
Herrelaget møter Kjøkkelvik 2. Eit Kjøkkelviklag ein tradisjonelt sett har slite med å slå. Men årets unge GHK lag har synt at dei kan slå kven som helst i gode stunder. Laget har 7 poeng meir enn gjestane frå Bergen, og ligg i dag på 4.plass på tabellen. Med siger her ville ein vore klar for opprykk til 2.div, om ein hadde gått for det. Men dette har ein som kjent reservert seg mot, pga den usikre spelarsituasjonen neste sesong. Uansett reknar vi med at gutane våre vil syne vårt trufaste publikum, og seg sjølve, at dei høyrer heime i toppen av divisjonen. Til denne kampen manglar Preben Indrebø og Sander Nesdal, som er på regionslagssamling i Bergen. Men GHK har ein god og brei stall, så vi trur på heimesiger.
GHK sitt gutelag til regionssluttspel
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Mar 2014
Jentelaget tapte mot Førde
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Mar 2014
Preben og Sander på regionslag!
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Mar 2014
God kamp av gutelaget, trass tap
Postet av Gloppen Handballklubb den 22. Mar 2014
GHK sitt gutelag leverte ein god kamp då dei møtte ubesigra Stryn på heimebane i ettermiddag. Etter 10-11 til pause, måtte dei til slutt sjå Stryn vinne 24-20. Men hadde dei hatt marginane på si side då dei hadde 19-19, kunne dette gått vegen.
Dagens toppskårar for heimelaget, Jon Andreas Kornberg
Gutane hadde ein vanskeleg kamp i vente, då dei måtte unnvere strategen Sindre Flatjord i dag. Men dei gjekk respektlaust til verket og følgde Stryn gjennom heile første omgong. Og la det vere sagt med ein gong: På dette laget er det mange flotte spelartypar som heilt sikkert vil syne att på seniornivå, allereie neste sesong. Preben Indrebø er allereie etablert på seniornivå. Sterke Marius Moritsgård på strek, skotsterke Jon Andreas Kornberg, flotte spelartypar som Eirk Hovstad og Arne Gangeskar. Imponerande var det og å sjå vingspelet til Runar Hellerud og Hans Kristian Arnestad. Mot slutten av første omgong fekk Stryn ei 2 min utvisning, men denne perioden vann Stryn 2-0. Difor kunne dei gå til leiing ved halvtid.
I andre omgong datt gutane litt i konsentrasjon i starten, og Stryn kunne gå litt ifrå. Men dei var aldri lenger føre enn 3-4 mål. Ein ny 2min på Stryn, og denne gongen nytta gutane våre moglegheita og kom heilt opp i ryggen på Stryn. Og bakerst har vi to gode keepera i Håvard Husevåg og Ole Kristoffer Sørland. Dei hadde mange flotte redningar gjennom heile kampen. Som sagt, på stillinga 19-19 kunne ting gått heimelaget sin veg. Men det var til slutt Stryn som drog sigeren i land. No må ein berre vente på reultatet frå Eid/Haugen-Florø i morgon for å sjå om ein kjem til regionssluttspelet. Alt i alt var dette ein flott gjennomført kamp av gutelaget vårt.
Desse var med: Håvard Husevåg, Ole Kristoffer Sørland, Erik Hovstad, Arne Gangeskar, Hans Kristian Arnestad(2), Runar Hellerud(2), Jon Åge Strand, Jon Andreas Kornberg(6), Håvard Magnus Torvanger, Preben Indrebø(5), Marius Moritsgård(5), Bjørnar Eikenes.
Vanskelege kampar for gute og jentelaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 21. Mar 2014
Gutelaget til Torbjørn Sælen skal møte den suverene serievinnaren Stryn på heimebane i Trivselshallen på lørdag. Her må nok gutane overgå seg sjølve om det skal verta poeng. Pr no ligg GHK på andreplass, noko som gjev regionssluttspel. Men Eid/Haugen ligg berre poenget bak, og kan med siger over Florø i siste kampen ta plassen frå GHK. Men med siger mot Stryn, er det ingen som kan ta frå GHK plassen i regionssluttspelet på heimebane 5. og 6.April. Diverre er storskårar Sindre Flatjord ikkje med i denne kampen.
Jentelaget får, om mogeleg, ei enno tøffare oppgåve då dei møter serieleiar Førde på bortebane søndag. Her må jentene fokusere på eige spel, og vere "på" heile kampen. Dei har gjennom sesongen synt flott framgong, og er på sitt beste eit bra handballag. Klarer dei å luke vekk ein del av dei enkle feila som ofte vert gjort, kan denne kampen fort bli jevnare enn utgongspunktet skulle tilseie.
RUM samling i Høyanger
Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Mar 2014
Det er kalla inn til sesongens siste RUM samling for 96-99. Samlinga er i Høyanger mandag 31.mars. Frå GHK er desse tekne ut: Siri Henden, Sander Nesdal, Mikael Alander, Håvard Kjønås, Lauritz Bjørnereim og Preben Indrebø. Heile uttaket finn du her: http://www.handball.no/p1.asp?p=43432
Siri Henden er eit av mange talent i GHK
GHK banka serieleiaren!
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Mar 2014
Det var venta ein tøff kamp for GHK i dagens møte med serieleiar Bjørnar 2 i herrane sin 3.div. I staden vart det ein "kattens leik med musa" kamp, då Bjørnar av ulike grunnar kun stilte med 6 mann til kamp. Etter å ha leia 17-7 til pause, kunne GHK gutane "cruise" inn til 31-16 siger.
Når inngongen til kampen vart som den vart, skal våre gutar ha honør for å halde konsentrasjonen opp, iallefall i fyrste omgong. I andre omgong var det ein jevn kamp, heilt til dei siste 10 min. Tempoet var også mykje dårlegare i andre omgong, slik at Bjørnar hang betre med lenge. Ellers var kampen ein orgie av brende 100% moglegheiter frå heimelaget sin del, så Bjørnar skal vere glad for at dei kun fekk 31 i sekken. Når det er sagt, synte våre gutar mykje fint spel gjennom heile kampen. Preben Indrebø har utvikla seg til å bli ein strekspelar av rang, og putta nye 6 mål i dag. Ørjan Sundal vert kampens toppskårar med 11 mål, der kun 1 er på straffe. Også hurtigtoget Runar H Åmot synte klasse med flotte mål frå kant, og Vegard Sælen synte fram skotarmen i periodar. Alt i alt ein grei gjennomført kamp frå ungkalvane.
Desse var med: Daniel H Reed, Paul Remi Kvandal, Ørjan Sundal(11), Runar H Åmot(4), Vegard Sælen(2), Åsmund Sælen(2), Lauritz Bjørnareim(3), Preben Indrebø(6), Andreas Kissner, Hans Sande(3).
Herrelaget møter serieleiaren!
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Mar 2014
GHK sitt herrelag i 3.div skal denne helga møte serieleiar Bjørnar 2 på heimebane i Firdahallen. Kampen går på søndag kl. 15.00.
Som einaste GHK lag i aksjon, får gutane våre ei tøff utfordring når dei møter hittil ubesigra Bjørnar 2. I motsett oppgjer i Bergen vart det eit 9 måls tap i fjor haust, og det vert venteleg tøft å vinne her. Men med senka skuldre og riktig innstilling kan det unge GHK laget overraske dei fleste. Klarer ein å halde toppnivået noko lenger i denne kampen, kan alt skje. Vi håper på topp underhaldning og ein spanande kamp.Firda vgs tapte regionsfinalen
Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Mar 2014
Firda vidaregåande skule vann guteklassa i fylkesmeisterskapen i handball for vidaregåande skular, og var i går i Bergen for å møte Stend vgs til kamp om regionstittelen. Etter ein jevn første omgong der Stend leia 12-10, rakna det litt for gutane frå Firda i andre omgong. Særleg forsvarsarbeidet var dårleg i denne omgongen, og Stend kunne "cruise" inn til 29-19 siger. Stend var eit godt lag, og det var ikkje ufortjent at dei vann, men sigeren var i største laget.
Laget frå Firda, ikkje ulikt GHK sitt mannskap i 3.div:)
Siger i Florø!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Mar 2014
Gutelaget har nett slege Florø på bortebane 25-23. Med Sindre i knallform vart det til slutt ein grei siger.
To glade spelarar etter kampen, Eirik og Marius
Florø tok leiing 1-0 og vi hadde litt vanskar med å spele oss til sjangsar i starten. Første målet kom etter at vi fekk armen for passivt og Eirik Hovstad vart tvinga til å avslutte. Han klemde til med ein susande underarm som fauk i langhjørnet for keeper.To tap i Sogndal, men flott innsats av jentelaget.
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Mar 2014
GHK sitt jentelag har vore i Sogndal i dag, og spela to kampar mot heimelaget sitt 1. og 2. lag. Diverre vart det tap i begge, men jentene skal ha honør for innsatsen mot fysisk større og sterkare sognatauser. Sluttresultata vart 17-8 og 22-10.
Dagens beste GHK spelar? Keeper Kari Anne Sørland. Bak ser vi Siri Henden.
Dagens første kamp var mot Sogndal 2. Her sleit vi veldig i angrep i starten av kampen. Bakover var det brukbart lenge, og Sogndal leia kun 3-0 etter 10 min. Dei neste 10 min vinn Sogndal 8-0. Deretter stenger Kari Anne buret og GHK skårar dei 4 siste måla i denne omgongen. Susann, Siri, Solgun og Eli Kristin er målskårarar. Andre omgong er mykje lik første. Malene, Solgun(2) og Silje skårer våre mål her, slik at sluttresultatet vert 17-8.
Solgunn og, for dagen utespelar, Eli Kristin
Kamp nr 2 er mot Sogndal 1. Her starter våre jenter langt betre. Solgunn ordner 1-0, Malene utliknar til 2-2, før Eli Kristin set inn 2-3. Deretter skårar Malene igjen til 2-4, og vi har spela i 11 min. Deretter kom Sogndal voldsomt og skåra 8 på rappen, før Siri skåra på straffe til pausestilling 10-5. I andre omgong vart jentene (og trenar+sjåfør) svært oppgitt over dommerparet som tillet mykje stygt spel frå heimelaget si side. Litt krise når eine dommar har med spelar på heimelaget, spør du meg. Men jentene heldt motet oppe, og Silje(2), Susann, Siri og Malene putta også i denne omgongen. Sluttresultat 22-10.
Det bur mykje god handball i alle jentene våre. Fokuset framover må vere å få lagspelet til å bli betre. Når dette er på plass, ser det lyst ut med tanke på framtida.
Desse var med i dag: Kari Anne Sørland, Eli Kristin Arnestad(2), Siri Henden(3), Silje Hole Hervik(3), Susann Solheim Gjærløv(2), Solgunn Reed Lote(4), Jennie Falck, Ariane Arnestad, Malene Berle Naustdal(4).
Sander Nesdal til regional landslagssamling G96/97.
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Mar 2014
GHK sin gode venstrehandsskyttar Sander Nesdal, er teken ut til regional landslagssamling i Haukelandshallen torsdag 20.mars. Sander er teken ut som kantspelar, og han har ved mange høve synt ein eminent avslutningsteknikk frå kant på klubblaget. Vi ynskjer Sander lukke til på samlinga.
Fantastisk, jenter!!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 7. Mar 2014
I ein "triller" av ein handballkamp i damene sin 3.div i Trivselshallen i kveld, kunne GHK gå jublande av bana etter å ha knekt NHHI iløpet av dei to siste minutta av kampen. Sluttresultatet vart 28-26 til GHK, etter at NHHI leia 17-15 til pause. Dagens spelar på heimelaget var lagkaptein Irene Slagstad, som drog dei andre med seg til ein formidabel laginnsats som resulterte i siger over tabelltoer og opprykksrival NHHI.
Status før kveldens kamp var at NHHI låg på andreplass med 16 poeng, medan GHK låg på fjerde med 13 poeng. GHK mangla i tillegg 3 sentrale spelarar av ulike grunnar, så utgongspunkt for poeng kunne vore betre.
Kampen starta i høgt tempo med vekslande leiing, men med GHK som det førande laget på bana. Flotte mål av Elise H Hansen, Eli-Anne Birkelund og Guro Tennefoss, gjorde at GHK heile tida hang godt med i kampen. I tillegg treff sjølvsagt toppskårar Ragnhild Ryssdal både frå distanse og på straffer. Likevel klarer NHHI, anført av sin storskårar Anne-Lise Akeberg med totalt 10 mål i kampen, å tilrive seg ei tomålsleiing fram mot pause(17-15)
Guro skårer frå strek
Andre omgong er mykje lik den første, lenge. NHHI klarer å halde seg frå 1 til 3 mål føre. Etter 15 min av andre omgong noterer vi oss ei flott kantskåring av Ingvild Slagstad som reduserer til 21-23. Også Elisabeth Vollstad Hansen skårer eit flott mål frå kant like etterpå. Irene Slagstad treff krysset, og Elise H Hansen kriger inn nok ei redusering. Når klokka runder 24 min utliknar Ragnhild på straffe til 25-25. I tillegg "herjer" evigunge Eli-Anne Birkelund på strek med fleire avgjerande skåringar når det koker som verst. Når det er to min att av kampen syner tavla 26-26. Så skårar Ingvild Slagstad nydeleg frå kant, før Rita Monteiro redder ein 100% sjangse frå NHHI, som igjen fører til at Eli-Anne Birkelund kan punktere kampen frå strek.
GHK sin toppskårer, Ragnhild Ryssdal
Stor stemning i hallen etter kampslutt, og fortjent jubel til jentene som aldri slutta med å ha trua på siger. No er det to kampar igjen, og trua på opprykk lever i GHK leiren.
Desse var med på vinnarlaget: Rita Monteiro, Irene Slagstad(3), Elise H Hansen(5), Ragnhild Ryssdal(9), Elisabeth V Hansen(1), Ingvild Slagstad(2), Eli-Anne Birkelund(6), Lena Fossen, Guro Tennefoss(2), Amalie Mundal, Astrid Murer.
4 GHK kampar til helga
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Mar 2014
Damelaget skal som nemnt møte NHHI til kamp fredag. Truleg er damene lystne på å syne heimepublikummet at kampen i Stryn forrige helg var eit arbeidsuhell. Slik tabellane ser ut no, kan ikkje Fyllingen 2 og Årstad 2 rykke opp. Då vert det ein kamp mellom NHHI, GHK, Dale og Stryn om dei to opprykksplassane. Korleis dette vil gå veit ingen, men truleg må denne kampen vinnast om håpet om opprukk skal leve i Gloppen.
Jentelaget skal møte begge Sogndalslaga på laurdag. Her trur vi mest på siger i første kampen mot Sogndal 2. Det vert nok ei verre nøtt å slå Sogndal sine beste jenter, men i handball kan alt skje.
I guteserien kjempar 3 lag om å slå fylgje med Stryn til regionssluttspelet. Florø, Eid/Haugen og GHK ligg side om side på tabellen. Med siger i Florø vil GHK gutane ligge på andreplass, og då er det berre å brette opp ermane til suverene Stryn kjem på besøk litt seinare. I Florø må trenar Torbjørn unnvere sentrale Preben Indrebø, som er i England og ser på nokre smålag som spelar fotball:)))
Gudd løkk:)
Tap for damelaget i 4.divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 5. Mar 2014
SUM samling i Stryn
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Mar 2014
NHF Region Vest har kalla inn til den 5. SUM samlinga for jenter 98/99 i sone 1. Samlinga vert i Strynehallen måndag 17.mars kl.17.45-21.00.
Frå GHK er som vanleg desse fire jentene kalla inn: Siri Henden, Hilde Karin Kvernevik, Malene berle Naustdal og Sofie Pernille Hole.
Årsmøte i Gloppen Handballklubb
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Mar 2014
Saker ein ynskjer å ta opp, må vere styret i hende seinast 2.april.
Ellers vanlege årsmøtesaker.
Strynekompleks!
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Mar 2014
Uavgjort mellom GHK og BSI
Postet av Gloppen Handballklubb den 1. Mar 2014
Det vart til slutt uavgjort 34-34 i dagens 3.div kamp i Firdahallen mellom GHK og BSI. I ein velspela og spanande kamp, var det heimelaget GHK som leia ved pause på stillinga 21-17. Kampens toppskårar og heimelaget sin beste spelar, vart Ørjan Sundal med 11 mål.
Toppskårar og dagens spelar, Ørjan Sundal
Det var eit heiltent og topp motivert GHK mannskap som gjekk på bana i dag. Dei ville hevne eit 8 måls tap i motsett kamp i Bergen. Og GHK gjekk i føringa frå start. Gjennom heile første omgong låg dei mellom to og fem mål føre BSI. Godt forsvarsspel og høgt tempo i angrep resulterte i ei firemåls leiing til pause. Med høgt tempo i angrep, fekk kantspelarane godt med arbeidsrom, og Sander Nesdal "trikka" inn fleire mål i denne perioden. Også Vegard Sælen traff bra i denne omgongen. Når så Ørjan set alle straffer, og i tillegg skårar fleire frå strek, såg det bra ut for andre omgong.
Den starta som første avslutta. GHK med føringa. Utover i omgongen kom BSI inn att i kampen med fleire flotte kontringar etter at GHK i ein periode starta med "gamle synder". Det verka som GHK gutane ville lukke kampen for godt, og dei starta med altfor tidlege avslutningar som enten gjekk over eller utanfor. På stillinga 33-34 eit halvminutt før slutt, var BSI i føringa for første og einaste gong i kampen. Men ei avslutning frå strek ved Preben Indrebø, redda eit poeng for GHK. Ein lokal jury kåra Ørjan Sundal til dagens GHK spelar.
Alt i alt ein god kamp av GHK gutane, mot eit godt BSI lag med den "gamle" GHK spelaren Nicolay Mundal som ein sentral spelar.
Kampfakta: Daniel HJ Reed, Paul Remi Kvandal, Ørjan Sundal(11), Runar Helland Åmot(4), Vegard Sælen(3), Åsmund Sælen(3), Osmund Vereide(1), Sander Nesdal(5), Mikael Alander(1), Lauritz Bjørnereim(1), Preben Indrebø(3), Andreas Kissner(2).
RUM samling i Sogndal
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2014
Heime og bortekamp til helga.
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Feb 2014
Laurdag møtast GHK og BSI i Firdahallen. Desse to laga ligg likt, midt på tabellen. I motsett kamp i Bergen, som var første seriekampen i årets 3.divisjon, vann BSI med 8 mål. Korleis styrkeforholdet er no, er vanskeleg å spå, men truleg vert det ein jevn kamp. GHK stiller som vanleg med omlag reint G18, og dette vert også Geert Brinkman sin første kamp som trenar for herrelaget.
På søndag reiser så damene til Stryn. Truleg for å revansjere eit litt surt uavgjortresultat i heimekampen. Der leia GHK 11-1 etter glitrande spel, men måtte til slutt sjå at kampen enda 21-21. Damelaget er på jakt etter opprykksbillett, og då må denne kampen vinnast. Laget til trenar Geert reiser innover med fullt lag, og så får vi sjå om det er godt nok for å ta med seg 2 poeng i bussen heimatt til Gloppen.
Firda og Stryn vann fylkesfinalane
Postet av Gloppen Handballklubb den 13. Feb 2014
Førehandsfavorittane Firda vgs vann i dag finalen i guteklassa, under fylkesmeisterskapen i handball for vidaregåande skular som vart arrangert i nye Trivselshallen. I finalen slo dei Stryn vgs. I jenteklassa vart det ein jevn og spanande finale, der Stryn til slutt vann over Hafstad vgs. Firda vgs sine jenter rauk diverre ut i semifinalen. Arrangementet vart prikkfritt gjennomført av 3.idrett ved Firda.
Firda vgs får overrekt pokalen som synleg prov på finalesigeren av Barbro Kroken frå NHF Region Vest.
Basar i Runnevang søndag 16.februar
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Feb 2014
Ny promofilm GHK/Firda vidaregåande skule
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Feb 2014
GHK herrane slo Stryn borte!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2014
Vi ligger nummer 3
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Feb 2014
Månadens talent for desember
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2014
Etter ein lengre kamppause på heimebane, er det ei stund sidane vi har delt ut talentprisen. Dette er ein pris som er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og GHK, og går til eit talent kvar månad som har ei god utvikling på si karrierer. Talentprisen for desember går til Preben Indrebø. Han har gode kampar for H3, er ei viktig brikke på G20, og ein sentral spelar på G16. Vi gratulerer med ein velfortjent pris, Preben.
Talentprisen for desember går til Preben Indrebø
Talentprisen for januar
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2014
Talentprisen for januar går til Solgunn Reed Lote. Ho er ein sentral på GHK sitt 16 årslag, og har og tatt steget opp på 3.divisjonslaget. Der har ho synt at høgde på spelar ikkje alltid er det viktigaste. Ho er ei sterk og kjapp jente, og mange motspelarar har fått kjenn på hennar fysikk. Ein velfortjent pris til Solgunn, og vi gratulerer så mykje.
Månadens talent for januar, Solgunn Reed Lote
Kjempekamp av damelaget. Slo Bergen HK 29-17
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2014
Damelaget i 3.divisjon var verkeleg i støtet i ettermiddagens kamp mot Bergen HK i Firdahallen. Etter ein solid førsteomgong kunne dei gå til pause med 16-7 leiing, og etter ein nesten like solid andreomgong synte sluttresultatet 29-17 til heimelaget.
Bergen HK kom frå to gode kampar mot topplaga Fyllingen og Os, så det var venta at dagens kamp kunne bli tøff å vinne. Men etter nokre mållause åpningsminutt, tok dagens GHK dame, Torill Henden Gaasø, tak i kampen og sette inn det første målet. Ho vart og GHK sin toppskårar i kampen med 7 mål. Etter det såg jentene våre seg ikkje tilbake. Torill, Amanda Veiteberg, Irene Slagstad og Elise H Hansen og dei andre hadde tydlegvis bestemt seg for at dette skulle vinnast. Med eit kanonforsvar og tempo i angrep, starta ballane å rulle inn i Bergen HK sitt mål. Bakerst sto Rita Monteiro ein fantomkamp, og synte keeperspel av høgste klasse. I andre omgong starta og Ragnhild Ryssdal å treffe mål, og med sine 5 mål hadde ho like mange som syster Kristine hos Bergen HK. Alt i alt ein strålande lagsiger for våre jenter der, som sagt, forsvarsspelet og tempoet imponerte oss storleg. Flott å sjå Amanda tilbake frå skade i god gamalt driv, og at desse jentene no liknar meir og meir på eit skikkeleg topplag i 3.divisjon.
Dagens spelar på heimelaget: Torill Henden Gaasø.
Desse var med: Rita Monteiro, Eli Kristin Arnestad, Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(5), Ragnhild Ryssdal(5), Elisabeth V Hansen, Torill Henden Gaasø(7), Ingvild Slagstad(2), Lena Fossen, Guro Tennefoss(1), Solgunn Reed Lote, Amalie Mundal, Amanda Veiteberg(5).
Solid av G18 då dei slo Florø i ettermiddag.
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Feb 2014
Lokaloppgjer til helga.
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Feb 2014
Komande helg vert ei særdeles spanande handballhelg. Herrelaget i 3.divisjon skal møte naboane Eid heime og Stryn borte. Dette vert på mange måtar kampar som vil syne kven som har det beste herrelaget i Sogn og Fjordane. Damelaget i 3.divisjon møter Bergen HK heime på lørdag, der systerduellen Ryssdal vil vere eit av høgdepunkta. Til slutt skal G20 laget møte Florø, også det på heimebane lørdag. Her er det berre å feste setebelta:)
Den store duellen på lørdag, Kristine mot Ragnhild
Herrelaget skal altså prøve å syne at dei er det beste herrelaget i S&Fj. Lørdag skal dei møte Eid heime i Firdahallen. Eit Eidalag som knuste våre gutar i kampen på Eid. No er det tid for revansje, og kjenner vi gutane til Bjørn Roth rett, vil dei nok gjere alt for å vinne denne kampen. På søndag ventar Stryn i Stryn. På heimebane greidde våre menn ein knapp siger, og får det nok like tøft i Stryn med tanke på siger. Vi trur på ein jevn kamp, der laget som vil mest, vinn. Måtte det vere GHK.
G20 laget møter Florø på heimebane på lørdag. I tilsvarande kamp i Florø, vart det ein solid siger for våre gutar. No veit vi at til denne kampen vil, på grunn av herrelaget sine kampar, trenar Bjørn bruke 96 modellane og spe på med gode gutespelarar som får teste seg på eit høgare nivå. Korleis dette vil slå ut gjennstår å sjå, men uansett trur vi på ein heimesiger her. Spanande her vert det å sjå korleis dei unge gutane taklar nivået.
Vårt damelag i 3.divisjon skal møte Bergen HK på lørdag. I motsatt kamp i Bergen, vart det ein grei siger for Geert Brinkman sine damer. Men sidan den gong har Bergen HK synt stigande formkurve, og dette vert nok ingen lett kamp å vinne. Eit flott moment i denne kampen er duellen mellom systrene Kristine og Ragnhild Ryssdal på kvart sitt lag. Her håper vi sjølvsagt at ungdomen syner seg som best, og at Ragnhild sender Kristine tilbake til Bergen med tap. Dei som møter opp får sjå:)
Vi ynsker alle laga våre lukke til!
Preben og Sander til regional landslagssamling.
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Feb 2014
Tap for K4 mot topplaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Feb 2014
GHK sitt damelag i 4.divisjon måtte sjå seg slegne av den suverene serieleiaren Sogndal i kveldens kamp i Trivselshallen. Sogndal vann til slutt 28-17, etter å ha leia 15-11 til pause.
"peptalk" i pausen
Sjølv om det var leiarlaget i 4.divisjon som var på besøk i kveld, gjekk GHK damene til kampen utan nemneverdig respekt. Vi såg fleire flotte kombinasjonar og avslutningar, og i første omgong heldt dei nokonlunde fylgje med Sogndal. Den største skildnaden på laga var nok tempoet og feilprosenten. Her har våre damer enno litt å jobbe med framover, men med litt meir trening på detaljer kan dette laget ta enno nokre steg mot slutten av sesongen. Sjølv om avstanden vart større utover i kampen, var her mange flotte prestasjonar som lovar godt for damesida i GHK.
Desse var med: Eli Kristin Arnestad, Marte Sunde Hjelle, Anne Kristin Haraldsvik(1), Benedikte Lotsberg, Ingeborg Volle(1), Marie Zachariassen, Ayla Myklebust Seime(4), Natalie Refvik, Amalie Mundal, Frøydis Seime, Ragnhild Ryssdal(8), Lena Fossen(2), Guro Tennefoss(1).
Flott siger for jentelaget
Postet av Gloppen Handballklubb den 3. Feb 2014
GHK sitt jentelag vann i kveld 24-22 over Førde 2 i ein underhaldane kamp i Trivselshallen. Stillinga ved pause var 13-10, sjølv om det skulle vore 13-9. Eit mål vart feilaktig godkjent, sjølv om dommarane dømde overtramp. Men, pytt,pytt:) Og at ordtaket "det er av sine eigne ein skal ha det" er gjeldane av og til, fekk vi eit godt døme på då 16 av heimelaget sine mål vart skåra av GHK sine Førdejenter Guro Tennefoss og Lena Fossen.
Skåringskåt duo: lena og Guro.
Det vart ein retteleg underhaldane kamp, der GHK tik komandoen frå start. Anført av playmaker Solgunn Reed Lote og to målhungrige førdejenter i Guro og Lena, var GHK i føringa heile kampen. I første omgong var jentene våre gode i forsvar og nekta Førde å kome gjennom gong på gong. Framover såg vi mange flotte trekk og særs gode innspel til strek Guro. Skal noko negativt seiast om spelet til heimelaget, må det i så fall vere litt for mange dårlege kontringsballar. Men det kjem med meir trening. I andre omgong fortsette GHK sitt gode spel, og vi såg fine mål av Siri Henden, Frøydis Seime Øygard og Susann Gjerløv Solheim. Også Sofie Hole teikna seg for ei skåring frå kant. Sjølv om Førde knappa litt inn på leiinga mot slutten, var sigeren aldri truga. Flott gjennomført kamp av heile laget.
Glade jenter etter sigeren.
Desse var med: Eli Arnestad, Siri Henden(1), Solgunn Reed Lote(4), Jennie Falck, Frøydis Seime Øygard(1), Eirin Lothe, Lena Fossen(8), Guro Tennefoss(8), Julie Varpe, Susann Solheim Gjerløv(1), Dina Rygg Eide, Sofie Hole(1).
Kampar til veka.
Postet av Gloppen Handballklubb den 2. Feb 2014
Vårt J16 lag møter Førde sitt andrelag i Firdahallen i morgon kl.20. Førde 2 ligg bak våre jenter på tabellen, så her bør det absolutt vere mogeleg med siger og to poeng. Vi trur Siri Henden & co klarer dette.
Tysdag møter vårt K4 lag Sogndal kl. 19. Her møtes topp og botn til duell. Sogndal har vunne sine fem kampar sålangt, medan GHK står med ein siger og fem tap. Kanskje kan GHK damene overraske her?
Tap mot Stryn for G16
Postet av Gloppen Handballklubb den 31. Jan 2014
Her er dei "FRISK" gutane i eit sjukdomsherja G16-lag |
Det vart tap mot serieleiaren i Stryn onsdagskvelden. Med eit redusert lag vart det til slutt 31-24 tap.
Influensaen herjar i bygda og det var så vidt vi klarte å stille lag til kampen i Stryn onsdag. Vår gode målvakt Håvard Husevåg måtte vikariere som utespelar slik at vi hadde ein innbytar. Han var både ving og strek, og laga til og med eit mål. Herleg med positive spelarar som set laget framfor seg sjølv.
Kampen byrja rett så fint for vår del og vi GHK gjekk opp i 5-2 leiing i byrjinga av kampen, og Stryn måtte ta timeout. Dei kom tilbake i kampen og gjekk i føring og leia 16-11 til pause.
Andre omgangen var jamnspelt og Jon Andreas byrja etterkvart å treffe med storeslegga. Før det hadde Sindre og Preben bidrege med mange flotte mål, ilag med Arne Nybø Gangeskar.
Desse tre storskorarane laga tilsaman 22 mål onsdag. Sindre 6, Preben 9, Jon Andreas 6. |
Sluttresultatet vart 31-24 til Stryn og det forsvaret vårt som ikkje var godt nok idag. Saknet av Marius i midtforsvaret vart merkbart utover kampen og Stryningane slapp for lett til.
No gjenstår ein kamp mot Florø og ein mot Stryn. Skal vi kapre 2.plassen i serien og få vere med i Regionsluttspelet må nok desse kampane vinnast.
Desse var me: Ole Kristoffer, Havard Husevåg 1, Preben 9, Jon Andreas 6, Sindre 6, Tormod, Bjørnar, Arne 2.
G16 til Stryn på onsdag.
Postet av Gloppen Handballklubb den 28. Jan 2014
2 poeng i Florø for G-16
Postet av Gloppen Handballklubb den 26. Jan 2014
Gutane våre møter Florø
Postet av Gloppen Handballklubb den 23. Jan 2014
Til helga er det kun ein kamp for våre lag. Det er GHK sitt G16, som skal til Florø for å møte heimelaget i Florø Idrettshall på søndag.
Ein av fleire komande storspelarar i GHK, Jon Andreas Kornberg, er klar til kamp mot Florø.
Under kyndig leiing av evigunge Torbjørn Sælen, har vårt lovande G16 lag tatt store steg etter oppstarten i fjor haust. Vi ser allereie no at her er mange talent som heilt sikkert vil prege GHK sitt herrelag om kort tid. Laget ligg på 3. plass på tabellen, kun eit poeng bak motstandar Florø. Med andre ord, siger søndag er lik 2. plass. Vi trur at dette er eit realistisk mål, og håper på to poeng med i bussen tilbake til Sandane. Lukke til, boys!Sterk bortesiger i Dale
Postet av Gloppen Handballklubb den 19. Jan 2014
Frå Dale får vi meldt om ein gnistrande god første omgong, det Karoline Førde Oppheim og Elise H Hansen herja med Dale sitt forsvar. Solgunn Reed Lote vart sett som oppasser for Dale sitt stortalent Kjersti Boge Solås, med resultat kun 1 spelemål for Solås. Kanon, Solgunn. I andre omgong kom heimelaget betre med i kampen, og var heilt oppe i ryggen på GHK 5-6 min før slutt. Men jentene våre held hovudet klart, og kunne gå sigrande av bana. I følge kamprapporten har GHK skåra 25 mål, men det står kun 23 til slutt.......utan at det har nemneverdig betyding.
Laget: Rita Monteiro, Irene Slagstad(4), Elise H Hansen(7), Ragnhild Ryssdal(3), Elisabeth V Hansen, Torill H Gaasø(2), Ingvild Slagstad, Lena Fossen, Guro Tennefoss, Solgunn Reed Lote, Karoline Førde Oppheim(8), Astrid Brinkman Murer(1)
GHK møter Dale på bortebane!
Postet av Gloppen Handballklubb den 17. Jan 2014
Før kampen i helga ligg GHK og Dale på høvesvis 4. og 5. plass med like mange poeng (11). Dale har ein kamp mindre spela. Dette vert nok eit tøft lokaloppgjer, der laget som vil mest vinn. Både GHK og Dale kjem frå sterke bortesigrar i Bergen sist, og begge lag vil nok gjerne vinne denne kampen.
For jentelaget sin del, er nok kampen mot Florø 2 den som bør vinnast. Med siger her, vil dei gå forbi Florø 2 på tabellen. Kampen mot Florø 1, er i utgongspunktet vanskeleg, men ikkje umogeleg. Med rett innstilling og glød, kan også denne kampen vinnast.
Vi ynskjer begge laga våre lukke til med kampane.
Trivselshagen er opna!
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Jan 2014
I dag vart den komplette Trivselshagen offisielt opna av friidrettspresident Svein Arne Hansen. Men ei flott ramme av publikum i alle aldre, prominente gjestar, kulturinnslag av svært høg kvalitet, kunne Hansen avfyre ein startpistol som det synlege teiknet på opninga. Sermonien vart leia av Gloppen si eiga NRKstemme, Gro Ravnestad. Både før og etter sermonien, var det Trivselshagen sin "far", kultursjef Jan Kjetil Øygard, som losa alle trygt rundt i det fantastiske anlegget vårt. Ein stor dag for Gloppen, og for heile fylket.
Fridrettspresident Svein Arne Hansen stod for den offisielle opninga.
GHK oppretter sportsleg utval
Postet av Gloppen Handballklubb den 16. Jan 2014
I arbeidet med å styrke den sportslege utviklinga i klubben, har styret i GHK vedteke å opprette eit sportsleg utval. Medlemmane i dette utvalet er Kjell Aske, Torbjørn Sælen, Arvid Gimmestad og Ragnhild Bakketun Vederhus. Utvalet vil ha sitt første møte førstkomande søndag, og er operative frå neste veka av.
Torbjørn Sælen er ein av fire dyktige medlemmer i sportsleg utval |
Heimekampar vår 2014
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jan 2014
Oppgåvefordeling i samband med heimekampar i GHK vinter / vår 2014. | ||||||
Vi har sett opp namn på den ansvarlege på vedlagt skjema.Om ein ikkje har høve til å møte, | ||||||
er ein sjølv ansvarleg for å finne ein eigna stedfortredar. Meld då ifrå til den ansvarlege frå styret. ( Ein møter i god tid før kampen tek til ). | ||||||
Trykk på tidspkt | Trykk på aktuelt kampnr. | Trykk på Bane | Trykk på lag | Trykk på lag | ||
Får kampinfo | Får terminliste og resultater | Får anleggsinfo. | Får lagsinfo | Får lagsinfo | ||
Der ligg: kamprapport | ||||||
Arrangemangsansvarleg ansvar for billettar | SEKRETARIAT | |||||
Kampnr | Bane | Hjemmelag | Bortelag | Ringer dei i sekretariatet. | TIDTAKAR-SEKRETÆR, heng opp og ta ned reklamesegl. Rydder etter kampen. | |
LØRDAG 11.01.2014 | ||||||
1300 | 56K04A2011 | Firdahallen | Gloppen 2 | Eid | Bjørn Kåre Eikenes | Inga / Nils Moritsgård |
1610 | 56G16A2006 | Firdahallen | Gloppen | Eid/Haugen | ||
SØNDAG 26.01.2014 | ||||||
1300 | 56K0301072 | Firdahallen | Gloppen | NHHI | Eli Reed Lothe | Norunn Sunde |
Aslaug Valaker | ||||||
LØRDAG 01.02.2014 | ||||||
1530 | 56M03A1008 | Trivselshagen 1 | Gloppen | Eid | Anne Neteland | Torbjørn Sælen |
Per Andenæs | ||||||
MANDAG 03.02.2014 | ||||||
2000 | 56J16A4043 | Firdahallen | Gloppen | Førde 2 | Åse Margrete Seime | Edgard Kvernevik |
Eirun Arnestad | ||||||
TIRSDAG 04.02.2014 | ||||||
1900 | 56K04A2006 | Firdahallen | Gloppen 2 | Sogndal | Lars Ulvestad | Ragnhild Bruvold |
Marit Stette Alme | ||||||
LØRDAG 08.02.2014 | ||||||
1700 | 56K0301063 | Firdahallen | Gloppen | Bergen HK | Jon Inge Sørland | Tom Wilke |
1515 | 56G2001010 | Trivselshagen 1 | Gloppen | Florø | Sølvi Holme Sælen | |
LØRDAG 01.03.2014 | ||||||
1300 | 56M03A1059 | Trivselshagen 1 | Gloppen | BSI | Bjør Kåre Eikenes | Staffa Hjolmann |
Vert truleg flytta 1.helg april 1415 | 56G2001012 | Trivselshagen 1 | Gloppen | Kjøkkelvik | Margret Sande | |
Vert truleg flytta 1.helg april 1530 | 56G2001016 | Trivselshagen 1 | Stryn | FyllingenBer | Bjør Kåre Eikenes | Knut Roger Nesdal |
Vert truleg flytta 1.helg april 1750 | 56G2001015 | Trivselshagen 1 | Florø | Kjøkkelvik | Janne Alander | |
SØNDAG 02.03.2014 | ||||||
Vert truleg flytta 1.helg april 900 | 56G2001004 | Trivselshagen 1 | Gloppen | FyllingenBer | Lars Ulvestad | Bente Sundal |
Vert truleg flytta 1.helg april 1015 | 56G2001003 | Trivselshagen 1 | Stryn | Kjøkkelvik | Gunnar Atle Vereide | |
Vert truleg flytta 1.helg april 1130 | 56G2001007 | Trivselshagen 1 | Florø | FyllingenBer | ||
SØNDAG 16.03.2014 | ||||||
1500 | 56M03A1020 | Firdahallen | Gloppen | Bjørnar 2 | Torill Rygg Eide | Odd Flatjord |
LØRDAG 22.03.2014 | Merete Sælen | |||||
1500 | 56K0301081 | Firdahallen | Gloppen | Askøy | Eli Reed Lothe | Oddrun Slagstad |
LØRDAG 29.03.2014 | Audun Mundal | |||||
1715 | 56J16A4060 | Firdahallen | Gloppen | Jotun/Årdals | Åse Margrete Seime | Vidar Eide |
SØNDAG 30.03.2014 | Biger Gjerløw | |||||
1300 | 56M03A1034 | Trivselshagen 1 | Gloppen | Kjøkkelvik 2 | Torill Rygg Eide | Nils Egil Moritsgård |
LØRDAG 05.04.2014 | Magne Moritsgård | |||||
1500 | 56K0301023 | Firdahallen | Gloppen | Fyllingen 2 | Anne Neteland | Anne Britt Henden |
SØNDAG 06.04.2014 | Kari Anne Slagstad | |||||
1300 | 56K0301041 | Firdahallen | Gloppen | Os 2 | Jon Inge Sørland | Marit Reikvam Hansen |
Inge Eikenes | ||||||
Truleg regionskampar | ||||||
4.5. og 6.april 0900 - 2000 | ||||||
3 baner samtidig | Reserve | |||||
Ann Kristin Wolstad | ||||||
Frode Hansen | ||||||
Bjjarte Gangeskar | ||||||
Per Ståle Husevåg | ||||||
Turid Torvanger | ||||||
Inge Bent Arnestad |
Ny dugnadsliste lagt ut
Postet av Gloppen Handballklubb den 14. Jan 2014
Siger over tabellleiaren!!!!!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2014
Siger også for damelaget!!
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2014
Damelaget i 3.divisjon ville ikkje vere dårlegare enn herrelaget, og tok ein sterk 29-25 siger over Årstad 2 i ettermiddag. Stillinga ved pause var 11-11.
Kampen gjekk i Haukelandshallen.
Siger over Norrøna
Postet av Gloppen Handballklubb den 12. Jan 2014
Stortap for damelaget i 4.divisjon
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Jan 2014
Endeleg seier for G-16
Postet av Gloppen Handballklubb den 11. Jan 2014
Klart for 5. SUM samling
Postet av Gloppen Handballklubb den 10. Jan 2014
NHF Region Vest har gjort uttak til den 5. SUM samlinga for jenter 98/99 denne sesongen. Samlinga vert i Strynehallen fredag 31.01 og laurdag 01.02. Frå GHK er våre fire dyktige jenter, Siri, Hilde Katrin, Malene og Sofie framleis med. Vi gratulerer med uttaket, og ynskjer lukke til:)
Handballen i gong att for fullt i det nye året
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Jan 2014
Sjølv om G16 laget var i aksjon forrige helg, er det først denne helga handballen ruller for alvor for GHK. Både dame og herrelaget skal til Bergen, medan G16 og damelaget i 4.divisjon spelar heime i Storhallen. Herrelaget møter Kjøkkelvik 2 i Olsvikhallen på laurdag, medan dei søndag møter Norønna i Haukelandshallen. Damelaget møter Årstad 2 i Haukelandshallen på søndag. Gutar16 møter Eid/Haugen, medan K4 damene møter Eid. Begge kampane går i Storhallen på laurdag.
Ingvild Slagstad & co møter Årstad 2 i Haukelandshallen
Herrelaget møter tabellnabo Kjøkkelvik 2 på laurdag. Ein kamp mot eit andrelag der ein aldri veit kva lag motstandaren stiller med. Normalt eit lag ein bør vere på talefot med. På søndag møter ein tabellleiar Norønna. Norønna sine "seniorspelarar" må tydlegvis ha fått eit løft utover i sesongen, for på heimebane i Firdahallen vart dette laget banka av GHK.
Damelaget møter også ein tabellnabo i Årstad 2. Som sagt, håplaust å spå då ein aldri veit kva lag motstandaren møter med. GHK har mista fleire sentrale spelarar, men har fått gode Karoline Førde Oppheim inn i stallen. Håper på ein jevn kamp.
Damelaget i 4.divisjon står med ein siger så langt. Her kan siger nummer to komme, mot naboen frå Eid.
Gutelaget møter også ein tabellnabo, og vil med siger her gå forbi Eid/Haugen på tabellen.
Lukke til med kampane.
Fylkesmesterskap for dei vidaregåande skulane i Trivselshagen.
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Jan 2014
Program for opninga av Trivselshagen
Postet av Gloppen Handballklubb den 9. Jan 2014
Foredrag med Rasmus Mo.
Postet av Gloppen Handballklubb den 8. Jan 2014
Trivselshagen jubilerar og feirar opning av idrettsanlegga!
Vi inviterar dermed alle innan kultur og idrettslag, trenarar og oppmenn, styremedlemmer, sponsorar, næringsliv og andre frivillige til eit humoristisk foredrag med Rasmus Mo. Onsdag 15. januar klokka 19:30 kan du oppleve Rasmus i fri utfolding i kultursalen i Trivselshagen. Vi håpar at flest mogleg kan ta seg tid til å møte. Dette er viktig for oss, og vi trur dette kan vere viktig for nettopp deg. Saman kan vi bygge eit endå bedre kultur og idrettsmiljø i Gloppen (sjølv om vi allereie er i landstoppen). Det er fri inngong til foredraget. Ta med deg alle i ditt idrettslag eller organisasjon.
Rasmus Mo er kjent som ein solid foredragsholdar med humor og snert. Han er mentor og motivator i Sogndal fotball. Foredraget Dønn Ærleg handlar om stoltheit, eigarskap og ansvar.
Korleis tek me ansvar for eigen trivsel gjennom å byggja stoltheit og ta eigarskap til suksessar. Å ha suksess handlar om å ha tru på eigne ferdigheiter og hegna om eigen identitet.
Køyreliste J16 vår14
Postet av Gloppen Handballklubb den 6. Jan 2014
Spele- og kjøreliste
Søndag 19.jan. 14, kl. 13.40, Florø Idrettssenter: Florø 2 - Gloppen
Og 16.45, Florø - Gloppen
Avreise Stil-stova kl. 10.50.
Dei som køyrer er: Ariane, Siri, Julie
Julie vaskar draktene.
Måndag 03.feb.14, kl. 20.00, Firdahallen: Gloppen – Førde 2
Eirin vaskar draktene
Laurdag 08.mars.14, kl. 12.45, Sogndal Idrettshall: Sogndal 2 - Gloppen
Og 15.40, Sogndal - Gloppen
Avreise Stil-stova kl. 10.15.
Vi køyrer GHK bussen
Susann vaskar draktene.
Søndag 23 mars. 14, kl. 12.00, Førdehuset 1: Førde - Gloppen
Avreise Stil-stova kl 09.45.
Vi køyrer GHK bussen
Eli Kristin vaskar draktene.
Laurdag 29. mars. 14, kl. 17.15, Firdahallen: Gloppen – Jotun/Årdalstangen
Malene vaskar draktene.
Oppmøte 45 min før kvar heimekamp.
Bytt innbyrdes om det ikkje oppsette tider passer. Gi oppmann beskjed ved byte.
Mvh
Øystein Fjellestad
Mob: 91372647
Epost:oystein.fjellestad@hotmail.com
-oppmann GHK J16-
Nytt tap for G-16
Postet av Gloppen Handballklubb den 4. Jan 2014